Horne: Noreg langt frå full likestilling

Statsråd Solveig Horne (Frp) meiner at Noreg har mykje å forbetre i likestillingsspørsmål: Vald, utdanning og verdiar i møte med flyktningar.

– Vi har mange ting vi kan forbetre oss på. Ofte ser andre opp til oss fordi vi har kome så langt, men vi har utfordringar som vi må vise at vi jobbar med, seier barne-og likestillingsministar Horne.

Dagen møgter henne i New York på ein dag full av møter på FNs kvinnekommisjon. Her møtest likestillingspolitikarar frå heile verda saman med frivillige organisasjonar for å gjere opp status for kvinners situasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noreg har nettopp blitt kåra som verdens nest beste land på likestilling, berre slått av Island. Det kjem fram i rapporten «Global Gender Gap Rapport 2015» frå World Economic Forum.

Se videointervju med Solveig Horne i New York: