Håper å bremse homolover

Den siste massemønstringa mot homoekteskap i Paris kom etter at lova var innført. Demonstrantane håper å hindre vidare liberalisering.

Po­li­ti­et rek­nar med at rundt 150.000 del­tok i søn­da­gens marsj til støt­te for ek­te­ska­pet som ei ord­ning mel­lom éin mann og éi kvin­ne. Ar­ran­gø­ra­ne hev­dar på si side at opp mot ein mil­lion gjekk gjen­nom ga­te­ne i den frans­ke ho­vud­sta­den. Flei­re slike mar­ke­rin­gar har funne stad i løpet av det siste halv­året. Så store po­li­tis­ke mønst­rin­gar har ein ikkje sett i Frank­ri­ke på flei­re tiår.

Sterk mis­nøye

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange stil­te med born i mar­ke­rin­ga trass åt­va­rin­gar frå innan­riks­mi­nis­ter Ma­nu­el Valls. Høgre­eks­trem pøbel har laga bråk ved til­sva­ran­de mar­ke­rin­gar tid­le­ga­re.

- Sjå, det er heilt trygt her, sa Eli­sa­beth Huet frå Or­leans iføl­gje Reu­ters. Ho gjekk i toget saman med ei vak­sen dot­ter og tre barne­barn.

Då dei fles­te var gått heim, braut det li­ke­vel ut kam­par mel­lom bråk­ma­ka­rar og opp­rørs­po­li­ti. 96 per­son­ar vart ar­res­ter­te.

Mis­nøya med den so­sia­lis­tis­ke pre­si­den­ten Fran­cois Hol­lan­de er sterk i Frank­ri­ke som føl­gje av øko­no­mis­ke ned­gangs­ti­der, høg ar­beids­løy­se og press for å re­du­se­re det of­fent­le­ge un­der­sko­tet.

Førs­te par ut

Det førs­te ho­mo­ek­te­ska­pet skal etter pla­nen verte inn­gått ons­dag i Montpel­li­er, som er rekna for å vere homo­ho­vud­sta­den i Frank­ri­ke.

For pre­si­dent Hol­lan­de har det vore ei vik­tig merke­sak å inn­føre ho­mo­ek­te­skap. Der­for in­kas­ser­te han ein stor siger då han sig­ner­te lova 18. mai. Lova opnar også for adop­sjon for ho­mo­fi­le par. Trass ne­der­la­get valde mot­stan­da­ra­ne å mo­bi­li­se­re på nytt denne helga. Dei håper å stop­pe eller brem­se pla­na­ne ein del so­sia­lis­tis­ke po­li­ti­ka­rar om å inn­føre kuns­tig be­frukt­ning og sur­ro­ga­ti for ein­kjøn­na par.

Meir po­li­ti­sert

Artikkelen fortsetter under annonsen.

De­bat­ten om end­rin­ga­ne i ek­te­skaps­lova har vore heit, og det frans­ke fol­ket er djupt split­ta i spørs­må­let. Tys­dag i førre veke tok den sterkt høgre­ori­en­ter­te his­to­ri­ka­ren Do­mi­ni­que Ven­ner livet av seg sjølv med eit skyte­vå­pen ved al­te­ret i Notre Dame-ka­te­dra­len. Den same dagen la han ut ein ar­tik­kel på nett­si­de­ne sine der han for­døm­te ho­mo­ek­te­skap.

Leia­rar innan­for Den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja har stått i front for mot­stan­den mot lova, men har vorte mind­re fram­tre­dan­de etter­som saka er blitt meir po­li­ti­sert. Op­po­si­sjons­par­ti­et UMP, som tid­le­ga­re pre­si­dent Ni­co­las Sar­co­zy til­høy­rer, har pro­fi­lert seg på mo­stand mot lova. Parti­leia­ren Jean-Fran­cois Copé leia ein av pro­se­sjo­na­ne på søn­dag. Stats­mi­nis­ter Jean-Marc Ayr­ault gjekk til åtak på po­li­ti­ka­rar frå UMP for støt­ta til de­mon­stra­sjo­nen. Han åt­va­ra om at dei tok på seg eit tungt an­svar med å med­ver­ke til «spen­nin­gar og ra­di­ka­li­se­ring, iføl­gje The Guar­di­an.

Num­mer fjor­ten

Tret­ten år er gått sidan Ne­der­land var først ute med å opne for ek­te­skap per­son­ar av same kjønn. Bel­gia følg­de etter i 2003. Tid­le­ga­re i mai vart Frank­ri­ke det fjor­tan­de lan­det i verda som inn­før­te denne re­for­ma. Stor­bri­tan­nia er få steg unna, sidan lov­for­sla­get er god­kjent i Un­der­hu­set og i løpet av få dagar skal opp i Over­hu­set.

Den auka støt­ta til ho­mo­ek­te­skap er ei av dei mest mar­kan­te hald­nings­end­rin­ga­ne i noko po­li­tisk spørs­mål i løpet av det siste ti­året i USA, melde Pew Re­se­arch Cen­ter i mars. I 2003 sa 58 pro­sent av ame­ri­ka­na­ra­ne nei til å gjere ek­te­ska­pet kjønns­nøy­tralt medan 33 pro­sent sa ja. No seier 49 pro­sent ja og 44 pro­sent nei. Også i Frank­ri­ke har det vore ei sterk hald­nings­end­ring berre i løpet av det siste halv­året. Ei un­der­sø­king som vart pub­li­sert søn­dag, viste at 53 pro­sent støt­tar ek­te­skap og adop­sjon for ho­mo­fi­le par. Det er ei end­ring på ti pro­sent sidan pro­tes­ta­ne be­gyn­te i no­vem­ber. Dagen

Homoekteskap verda over

Fjorten land har opna for homoekteskap: Nederland (2000), Belgia (2003), Canada (2005), Spania (2005), Sør-Afrika (2006), Noreg (2009), Sverige (2009), Island (2010), Portugal, 2010), Argentina (2010), Danmark (2012), Uruguay (2013), New Zealand (2013), Frankrike (2013)

I tre land er homoekteskap innført i visse område: Brasil (2011), Mexico (2009) og USA (frå 2003 i Massachusetts, no i totalt 13 delstatar samt Washington D.C.)

Les også
Demonstrasjon i Paris mot homo-ekteskap