Frå toleransens eige heimland

Frykta for å skape fordommar mot kristne er stort sett fråverande, særleg om dei luktar av frikyrkje eller bedehus.

De­bat­ten rundt tea­ter­styk­ket «I Guds namn» gir eit høve til å re­flek­te­re over det nors­ke hon­nør­or­det to­le­ran­se.

Styk­ket er sett opp av Horda­land Tea­ter i sam­band med fei­rin­ga av 200-års­ju­bi­le­et for Grunn­lova.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fram­sy­nin­ga inn­går i Den kul­tu­rel­le skule­sek­ken og vert vist for ele­var ved rundt 20 sku­lar i Horda­land. Sikte­må­let skal vere å sti­mu­le­re til sam­ta­le om kor­leis re­li­gion kan bru­kast til å på­ver­ke tan­kar og hald­nin­gar.

Det ser ut til å vere minst like stor grunn til å spør­je kor­leis tea­ter­styk­ket på­ver­kar hald­nin­gar til krist­ne ung­dom­mar og krist­ne ung­doms­mil­jø.

Bis­kop Halv­or Nord­haug mei­ner dei tre ho­vud­per­sona­ne i styk­ket er fram­stil­te så gro­tesk ka­ri­kert og ein­si­dig ne­ga­tivt at det er full­sten­dig ir­re­le­vant for kris­tent ung­doms­ar­beid i Noreg i dag.

Tea­ter­sjef og kunstar­leg leiar Trond Birke­dal var svært ord­knapp då Dagen bad han kom­men­te­re styk­ket. Han vars­la at dei ville gjere greie for synet sitt i ein kro­nikk i Ber­gens Ti­den­de.

I går stod «kro­nik­ken» på trykk. Det er eit knøtt­lite le­sar­inn­legg med tit­te­len «Køyr de­batt!».

Birke­dal tak­kar for en­ga­sje­men­tet, sy­nest mei­nings­ut­veks­lin­ga er vik­tig og slut­tar seg til den dans­ke dra­ma­ti­ka­ren og re­gis­sø­ren Nils P. Munks ord om at han ikkje har noko å for­kla­re eller å for­sva­re. Der­med par­ke­rer Birke­dal for eigen del de­bat­ten han nett­opp har opp­ford­ra til å køyre.

Ein treng ikkje vere pa­ra­no­id for å spør­je seg om det ville vere rom for å fram­stil­le andre nors­ke mi­no­ri­tets­mil­jø på ein så fra­mand­arta måte som det vert gjort i dette styk­ket.

Til dømes ville det neppe verte ak­sep­tert om ein pre­sen­ter­te mus­lims­ke eller ho­mo­fi­le ung­doms­mil­jø like for­dreid. Og godt er det. Når ein ønskjer å sti­mu­le­re sam­ta­le om djupe og per­son­lege spørs­mål, bør det skje på sak­leg og rett­fer­dig vis. Elles for­ster­kar ein berre for­dom­mar som måtte fin­nast. Eller endå verre: Ein ska­per nye.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Berre om­trent kvar tian­de nors­ke ung­dom er be­ta­lan­de med­lem i kris­tent ung­doms­ar­beid, iføl­gje eit fors­kings­pro­sjekt som vart sett i gang ved NLA Medie­høg­sko­len Gim­le­kol­len i Kris­tian­sand i 2011.

Det til­sei­er at mange unge har liten kjenn­skap til kva som skjer i slike miljø. Det eit norsk ideal å møte ukjen­de sa­man­hen­gar ope og nys­gjer­rig, men ein kan få inn­trykk at krist­ne krin­sar ikkje nød­ven­dig­vis er til­gode­sett med denne rause hald­nin­ga. Fryk­ta for å skape for­dom­mar mot krist­ne er stort sett frå­ve­ran­de, sær­leg om dei luk­tar av fri­kyr­kje eller bede­hus.

Ofte ser det ut til at den nors­ke to­le­ran­sen er av­gren­sa til mei­nin­gar som er ri­me­leg po­pu­læ­re, eller per­son­ar og grup­per som av ein eller annan grunn har fått sta­tus som offer.

For tida får også andre grup­per enn krist­ne er­fa­re at to­le­ran­se ikkje er alle for­unt. I de­bat­ten om re­ser­va­sjons­rett kon­sta­te­rer po­li­tisk re­dak­tør Frank M. Ross­a­vik i Ber­gens Ti­den­de at «det fin­nes knapt gren­ser for ord­bru­ken».

Og på Ho­lo­caust­da­gen mån­dag for­tal­te Mo­ni­ca Csan­go i ein kro­nikk i Af­ten­pos­ten at ho er skremt til å vere stil­le om at ho er jøde.

Så for­skjel­li­ge som desse ek­semp­la enn er, viser dei ty­de­leg kor far­leg det er når to­le­ran­sen vert se­lek­tiv. Vi treng at ak­tu­el­le spørs­mål vert tekne opp til de­batt, gjer­ne gjen­nom tea­ter­styk­ke og andre kul­tur­ut­trykk. Men det må ikkje skje på ein måte som in­vi­te­rer til mis­for­stå­in­gar og mob­bing.

Les også
Biskop advarer mot teaterstykke for ungdomsskoleeleverI Guds namn
Les også
Skal hjelpe ungdom med teater om sær kristendom