Foreldre vil starte kristen barneskule i Volda

Protesterer mot nedlegging av offentleg skule.

Utdanningsdirektoratet har gitt foreldra ved Ulvestad skule i Volda løyve til å starte kristen privatskule til hausten, skrivNRK.

Ulvestad skule blei lagt ned ved årsskiftet og elevane måtte flytte til Dalsfjord skule i nabobygda. No vil Ulvestad-foreldre starte ein ny skule, som skal vere sterkt forankra i lokalsamfunnet. Privatskulen skal også vere eit klart alternativ til den offentlege skulen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ifølgje styreleiar Bjørn Breivik meiner fleire av foreldra at den offentlege skulen ikkje går i rett retning.

- Kristendom har blitt sidestilt med alle andre livssyn og religionar. Det er kanskje på tide å ta eit grep for å halde på dei verdiane som heile det norske samfunnet er tufta på, seier Breivik til NRK.

Volda kommune har frarådd foreldra å etablere ein privat skule i Volda.

(Dagen)