FLEST STEMMER: Med 140 førstestemmer gikk rektor Halvor Nordhaug ut som vinner i første runde av bispevalget i Møre.

Flest vi ha Nordhaug

Praktikumsrektor Halvor Nordhaug har fått størst oppslutnad i første røysterunde om ny biskop i Møre.

Nordhaug har fått 140 førstestemmer, medan leiaren i Den norske kirkes presteforening, Ingeborg Midttømme, har fått 62 førstestemmer. Sokneprest Berit Øksnes kjem på tredjeplass med 30 førstestemmer, melder regjeringen.no. Prost Bjarne Olav Wider har fått 18 førstestemmer. Han vert forbigått av domprosten i Møre, Øystein Bjørdal, med ei stemme, trass i at Bjørdal ikkje er nominert av Møre bispedømeråd.



Regjeringa avgjer

Dei som har røysta i første runde, er prestar i offentleg kyrkjeleg stilling i Møre, prostane i dei andre bispedøma, professorane ved dei teologiske fakulteta, rektorane ved dei praktisk-teologiske seminara, sokneråda i Møre bispedøme og vigsla kateketar, diakonar og kantorar i offentleg stilling i Møre bispedøme.

No skal biskopane og Kyrkjerådet uttale seg, før kyrkjeminister Trond Giske og regjeringa tek den endelege avgjerda. Biskop Odd Bondevik har fått avskil i nåde frå 1. mars.


DM