Faste og sorg

Søndag er ein av faste- og sørge-dagane i det jødiske året. Den er referert til i Bibelen som fasta i den femte månaden, og i dag snakkar me om dagen som «Tisha B'Av» (den niande dagen i den jødiske månaden Av).

Det første me veit som skjedde på denne dagen, var at utsendingane frå israelsfolket i ørkenen kom tilbake med den dårlege rapporten om det lova landet. Denne negative rapporten symboliserer ein mangel på tillit til Gud. Dei såg kjempane i landet og fokuserte på sin eigen svakhet istadenfor å sjå på Gud og fokusere på at me maktar alt i Han som gjer oss sterke. Dette førte til at israelsfolket vandra rundt i øydemarka i 40 år før dei til slutt fekk kome inn i landet sitt, og då var alle som var vaksne då dei forlot Egypt, døde. Gud er nådig, men Han openberrar seg også ved å gje konsekvensar for det som går imot Hans vilje.

I seinare tider har det også skjedd store tragediar på akkurat denne dagen. Både tempeløydeleggjingar og jødeforfølgjingar har hamna på denne triste dagen. Og det vert minnast den dag i dag med faste og bøn blant jødar over heile verda på Tisha B'Av. Fastedagen kjem midt inne i ein slags sørgeperiode på tre veker, der mange vonde og vanskelege hendingar har teke plass i jødisk historie..

Håpet er det me les profetert i Sakarias, at ein dag skal denne triste dagen vendast til glede. Me er på veg dit allereide. Det jødiske folk har eit fritt jødisk land. Folket vender tilbake til Israels land og til Israels Gud. Det er mykje å glede seg over. Og ein dag i framtida skal Tisha B'Av vere ein gledesdag med fest og høgtid!

Det er godt å vite at me tener ein trufast Gud som har kontroll over framtida på same vis som Han har hatt kontroll fram til no. Skaparen er framleis på trona. Han har lova at denne sørgetida ein gong vil verte ein gledesperiode, og det nærmar seg!

– Herre, Du har vore trufast mot folket Ditt gjennom alle årtusen fram til no. Takk for at Du framleis vil vere like trufast i framtida. Takk for lovnadane Dine, og for at Du alltid har kontrollen! Me ber for folket Ditt no i denne perioden der folk på ein spesiell måte fokuserer på Deg og det Du gjer. Måtte me alle få sjå Deg som Du er!



SHALOM FRA ISRAEL

Te'ena Østhus Ben-Haim