Færre til gudstenester i Den norske kyrkja

Talet på gudstenestebesøk i Den norske kyrkja var over 200.000 lågare i fjor enn året før. Det viser den førebelse kyrkjelege årsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå.

I 2006 vart det registrert drygt 6,58 millionar gudstenestegjester, medan talet i 2007 var 6,38 millionar. Eit anna tydeleg utviklingstrekk er nedgang i talet på gudstenester frå 69.050 til 65.857. På dei fleste andre område viser statistikken tilbakegang, men denne er svak. Talet på utmeldingar har berre auka frå 8.134 til 8.158 frå 2006 til 2007.

Det positive unntaket i statistikken er talet på vigsler, som auka frå 9.594 i 2006 til 10.043 i 2007.



Samarbeid

Direktør Jens-Petter Johnsen i Kyrkjerådet meiner det mest påfallande med tala er at dei er stabile.

– Likevel er det ein tendens til lågare tilslutnad, seier han, men

legg til at ein må ta atterhald sidan statistikken ikkje er endeleg.

Johnsen trur samarbeid mellom kyrkjelydar, prestemangel og det at friare kyrkjelydar, til dømes i Normisjon-regi, ikkje er med i den førebelse statistikken, er mogelege forklaringar på nedgangen.



Innvandring

Prosenttala for kyrkjemedlemskap og deltaking i kyrkjelege handlingar viser også ein svakt fallande tendens. 81,8 prosent av befolkninga var statskyrkjemedlemer i 2007, mot 82,7 prosent i 2006.

Johnsen påpeikar at auken i folketalet i Noreg skuldast innvandring og at delen av etnisk norske som er medlemer i Kyrkja er relativt stabil.

Den endelege kyrkjestatistikken kjem i juni.


DM