«Er det verkeleg sant at det er deg?»

– Nei hallo, goddagen!

Ragna Teigen (93) kan knapt tru sine eigne augo når partileiar Knut Arild Hareide kjem opp trappa og inn i stova hennar i Emblemsvåg.

Ho veit at ho skulle få besøk, men aner ikkje kven som skal kome innom. Men Hareide er på besøk til Indremisjonsforbundets generalforsamling eit par minuttar unna og tek ein avstikkar til den trufaste KrF-kvinna. I 60 år har ho vore med i partiet, ho følgjer nøye med på spørjetimen på Stortinget og les Dagen for å få med seg siste nytt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho gjer store augo når Hareide kjem inn i stova.

– Nei hallo, god dagen! seier ho og gjev han ein god klem.

– Så kjekt å kome her, seier Hareide.

– Er det verkeleg sant at det er deg? utbryt ho.

Utsikt og familie

– Du må kome og sjå på utsikten min, seier ho og viser han utsikt over Storfjorden. Medan dei står i stova full av familiebilete, snakkar dei både om Pride-parade og familie.

Ved godstolen ligg eit brodert minnevers: «I dag hjelper Herren».

På kjøkenet hennar heng bilete av partileiaren og forslaga til KrFs lover. Hareide smiler når han ser kva plassering han har fått.

– Eg har verken meg eller paragrafane på kjøleskapet, smiler han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Kry av deg

Kvelden før hadde 93-åringen følgd med på debatten mellom Sylvi Listhaug og Hareide på Østerbo.

– De var flinke begge to, seier Ragna Teigen. Ho omtalar Listhaug som «ho Sylvi». 93-åringen kjenner toppolitikaren frå nabobygda godt. Men hjarta er solid plassert i KrF.

– Eg er kry av deg. Eg håper du fekk nokre ekstra stemmer, seier ho om innsatsen kvelden før.

Så er besøket over.

– Du må helse Lisa Marie! seier Ragna i det han er på veg ut.

Hareide skal vidare til Ålesund og går ned trappa og ut i den ventande bilen.

– Han er ein veldig sympatisk mann og er veldig dyktig. Så forsvarar han våre verdiar veldig godt.

«Ikkje så gale»

I sommar har det vore kraftige reaksjoner på at Hareide gjekk i Pride-paraden i Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg var ikkje glad for det med det same. Men når eg ser hans grunn til å vere med der, forstår eg det. Då er det ikkje så gale.

Hareide var på ferie i Orlando like før massakren og nytta deltakinga i paraden til å markere avstand til vald mot homofile.

– Dette kjem eg til å leve lengje på, seier Teigen når ho får summa seg litt.

Vitja indremisjon

Hareide vitja Indremisjonsforbundets generalforsamling i går føremiddag. I ein samtale med møteleiar Anja Ulveseth Heggen tok han fram innvandring og at den store tilstrøyminga til Europa.

– De kristne verdiane er grunnlaget for sivilisasjonen i Europa og Vesten. Det er ein grunn til at den type verdiar vert etterspurde.

Han kom med ei utfordring til ImF:

– Vi har ein generasjon som veks opp og har fått med seg nesten alt av det materielle. Likevel søkjer ein noko som er større og viktigare, sa Hareide.

Etter bibeltimen tok han seg tid til å snakke med bedehusfolket, som i stor grad også utgjer grunnfjellet i KrF. Ein av dei er Liv Astrid Åsebø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg hadde berre så lyst å helse på han. Eg har stemt KrF i alle år, men er ikkje medlem, seier ho.