ØKNING: Nordmenn bruker stadig mer penger på spilleautomater

Eksplosiv vekst for bingo på terminalar

Då bingoautomatane blei fjerna, auka databingoen omsetnaden med 180 prosent. Nordmenn brukte 10 prosent meir på speleautomatar i 2010 enn året før.

Det syner utrekningar Dagen har gjort på bakgrunn av rapporten Lotteritilsynet publiserte rett før jul i 2011.
Dei endelege tala viser at nordmenn i 2010 brukte til saman 24,8 milliardar kroner på regulerte pengespel. Det er 2,2 milliardar meir enn året før, og kjem i tillegg til internasjonale nettspel.
- Vi føler ikkje at det er noko alarmerande auke i pengespelmarknaden. Den er stabil. Men bingo, og særleg elektroniske sidespel, har hatt ei betydeleg auke dei siste åra, seier seniorrådgjevar Rune Timberlid.

Frå automat til terminal


Bingoautomatane blei fjerna 31. mars 2010, men statistikken syner at det meste av dette blei erstatta av spel på databingo. Der steig brutto omsetnad frå 1.255 millionar i 2009 til 3.518 millionar kroner i 2010. Men innføringa av ei ny forskrift frå 1. januar i år kan endre marknaden. Det er sett ei grense for kor mange terminalar kvar bingohall kan ha, og spela skal reagere seinare.

- Styresmaktene sitt mål med dette er å vri omsetninga tilbake frå sidespel til opphavlege hovudspelet.
Timberlid forklarar at dei elektroniske sidespela var raske spel som gjorde at folk lettare utvikla uheldig speleoppførsel.
- Det var derfor også dei gamle gevinstautomatane var så skumle for der tok kvart spel berre 1,5 sekund frå du la på pengane til du fekk svaret. Kor raskt du får svar på om du har vunne eller ei er svært avgjerande for om ein utviklar problem med pengespel, seier han.

Reform halverte speling


Det er vanskeleg å lage statistikk frå land til land fordi pengespela er svært ulike. Nordmenn har mykje pengar å rutte med og brukar relativt mykje på pengespel. Men omsetnaden har dala kraftig.
- Dei gamle gevinstautomatane omsette åleine for over 27 milliardar kroner, på det meste. Då dei forsvann i 2007 blei den regulerte pengespelmarknaden meir enn halvert i Norge. Det var ei kraftig nedkjøling som fekk positive konsekvensar for speleåtferda i folket og dermed var ein svært vellukka reform.

- Vi føler at det er bra kontroll på den regulerte marknaden i dag i den forstand at det er relativt stabilt og det er ikkje nokon faretrugande signal når det gjeld speleåtferd. Tvert om verkar det stabilt der også.
Timberlid har ikkje noko nøyaktig tal for kor mykje nordmenn brukar på utanlandske nettspel. Men Lotteritilsynet reknar med at det er rundt fem milliardar kroner.
- Vi jobbar med talet for 2011, men trur at det kanskje har gått litt tilbake på grunn av betalingsforbodet som kom i 2010. Norske bankar og andre betalingsinstitusjonar får ikkje overføre pengar til utanlandske pengeselskap som ikkje har løyve i Norge. Men det er jo ein del vegar rundt det forbodet, seier han.

DAGEN