Eit nytt Amerika er på veg

Den typiske amerikanaren vert gråare i håret og mørkare i huda. Endra alderssamansetjing og meir etnisk mangfald gjer at USA raskt får nye karaktertrekk.

«To drama i sakte film» er tit­te­len på ein om­fat­tan­de pre­sen­ta­sjon av den fers­ke boka «The Next Ame­rica» frå Pew Re­se­arch Cen­ter.

Demo­gra­fis­ke end­rin­gar som har på­gått gjen­nom flei­re tiår, gjer at USA i ikkje alt­for fjern fram­tid vil fram­stå med andre kjenne­mer­ke enn dei vi er vane med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Fleir­ta­let av be­folk­nin­ga vår er i ferd med å verte ikkje-k vitt, og sam­stun­des er ein re­kord­stor del i ferd med å verte grå», hei­ter det i pre­sen­ta­sjo­nen. Kvar for seg er desse tren­da­ne djupt­gri­pan­de nok. Når dei føre­går pa­ral­lelt, in­ne­ber det press på po­li­tikk, fa­mi­lie­liv, lomme­bø­ker, vel­ferds­ord­nin­gar og sam­hal­det i sam­fun­net.

Færre barne­føds­lar

Al­ders­py­ra­mi­den er i ferd med å endre fa­song full­sten­dig. I 1950 såg han fak­tisk ut som ein py­ra­mi­de. Dess yngre ei al­ders­grup­pe var, dess stør­re del ut­gjor­de ho av to­ta­len.

På grunn av lå­ga­re fød­sels­tal og hø­ga­re leve­al­der er forma i ferd med å minne sta­dig meir om eit rek­tan­gel. I 2060 vil det vere om­trent like mange ame­ri­ka­na­rar over 85 år som under fem år.

For dei som er uro­le­ge for ame­ri­kansk over­for­bruk i ei verd med knap­pa­re res­sur­sar, klima­end­rin­gar og na­tur­øy­de­leg­ging, kan dette fram­stå som gode ny­hei­ter. Men på kort sikt gir det også pro­blem.

Medan det i 1950 var 16 ar­bei­dan­de ame­ri­ka­na­rar for kvar som mot­tok so­sia­le ytin­gar av noko slag, er for­hol­det i dag tre til ein. Og kvar ein­as­te dag fram til 2030 er det 10.000 ame­ri­ka­na­rar som fyl­ler 65 år.

Uvis­se om rase

For førs­te gong ut­gjer USAs et­nis­ke mi­no­ri­te­tar rundt halv­par­ten av ame­ri­ka­na­ra­ne som er under fem år gamle, melde ny­heits­by­rå­et AP i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innan 2043 er det venta at fleir­ta­let ikkje len­ger er kvite. Sta­dig flei­re gif­tar seg også med men­nes­ke som har annan et­nisk bak­grunn. I 2010 hadde 15 pro­sent av ek­te­pa­ra for­skjel­lig rase­bak­grunn.

Og kva skal ein kalle men­nes­ke som har for­eld­re med for­skjel­lig opp­hav? Det er det for­skjel­li­ge me­nin­gar om.

Pre­si­dent Ba­rack Obama er svart, mei­ner 55 pro­sent av dei som sjøl­ve er svar­te. 34 pro­sent av desse mei­ner der­imot at han har blan­da rase­bak­grunn. M

el­lom kvite og så­kal­la hispa­nics, altså dei som er av spansk­ta­lan­de opp­hav, er det berre knapt 25 pro­sent som mei­ner Obama er svart. Fleir­ta­let i begge desse grup­pe­ne mei­ner han har «blan­dings­bak­grunn».

Slutt på Euro­pa-do­mi­nans

Også blant andre ame­ri­kans­ke kjen­di­sar kjem den nye et­nis­ke sa­man­set­jin­ga klart til ut­trykk.

Skode­spe­la­ren Ca­me­ron Diaz har spansk-cu­bansk far og mor med skots­ke, irske, en­gels­ke og tyske røter.

Ar­tis­ten Norah Jones har in­disk far og ame­ri­kansk mor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og golf­prof­fen Tiger Woods har afro­ame­ri­kansk far og mor med thai­lands­ke, ki­ne­sis­ke og ne­der­lands­ke røter. For å nemne berre tre.

Bla deg gjennom bildeserien øverst på siden

USA har all­tid vore ein na­sjon av inn­vandra­rar. Men medan nes­ten ni av ti inn­vandra­rar kom frå Euro­pa i pe­rio­den 1900-1 960, har rundt halv­par­ten kome frå Latin-Ame­ri­ka frå 1960 og fram til i dag. No er berre rundt kvar tian­de inn­vand­rar til USA euro­pe­ar.

Li­be­ra­le unge

Ty­de­le­ge skil­je kjem til ut­trykk mel­lom dei for­skjel­li­ge ge­ne­ra­sjo­na­ne. Dei elds­te, som er fødde før av­slut­tin­ga av andre verds­kri­gen, vert kalla «the si­lent ge­ne­ra­tion». Dei sit best i det øko­no­misk, men er minst kom­for­tab­le med den kul­tu­rel­le, so­sia­le og tek­no­lo­gis­ke ut­vik­lin­ga. Åtte av ti er kvite. Dei er dei mest kri­tis­ke til ein aktiv stat.

I denne grup­pa ville av­døde pre­si­dent Ro­nald Rea­gan vinne størst for­stå­ing for kva han mein­te var den mest skrem­man­de set­nin­ga ein kan seie på en­gelsk: «Eg kjem frå sty­res­mak­te­ne, og eg er her for å hjel­pe».

Dess yngre ame­ri­ka­na­ra­ne er, dess meir li­be­ra­le vert dei i so­sia­le spørs­mål. Og dess meir po­si­ti­ve vert dei til ein aktiv stat. Men er­fa­rin­ga frå «boom­er»-ge­ne­ra­sjo­nen, som vart fødd dei to førs­te tiåra etter andre verds­kri­gen, er at ein be­ty­de­leg del av dei vert meir po­li­tisk kon­ser­va­ti­ve etter kvart. Så gjen­står det å sjå om dette skjer også med andre.

Re­pub­li­kansk ut­ford­ring

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei unge vaks­ne, som er mel­lom 18 pg 33 år gamle, vert kalla «mil­le­ni­als». Dette er den mest sa­man­set­te et­nis­ke ge­ne­ra­sjo­nen i USA nokon gong.

Meir enn 40 pro­sent av dei er ikkje-kvite. Dei er jamt over li­be­ra­le i so­sia­le spørs­mål og opne for at sta­ten skal spele ei meir aktiv rolle. Dei er mind­re re­li­giø­se enn tid­le­ga­re ge­ne­ra­sjo­nar, har høg ut­dan­ning og ven­tar med å gifte seg og få barn. Sjølv om dei er blitt vaks­ne i ei tid då USA har hatt be­ty­de­le­ge øko­no­mis­ke ut­ford­rin­gar, trur dei at deira beste år er i vente. Det same trur dei for USA.

Po­li­tisk har ut­vik­lin­ga flei­re vik­ti­ge føl­gjer. De­mo­kra­ta­ne står ster­ka­re dess yngre vel­ja­rar det er snakk om. Re­pub­li­ka­na­ra­ne gjer det på si side best blant kvite og har slite med å fenge farga be­folk­nings­grup­per. Tren­da­ne er der­med sær­leg ut­ford­ran­de for Det re­pub­li­kans­ke par­ti­et, som også har pro­fi­lert dei mest kon­ser­va­ti­ve stand­punk­ta i so­sia­le og kul­tu­rel­le spørs­mål.

Ge­ne­ra­sjons­sam­hald

Kon­flik­tar er det mange av i USA.

Heile åtte av ti ame­ri­ka­na­rar mei­ner det er ein sterk kon­flikt mel­lom de­mo­kra­tar og re­pub­li­ka­na­rar. Mot­sett er det berre 29 pro­sent som mei­ner det er ein sterk kon­flikt mel­lom unge og gamle.

Fors­ka­ra­ne viser til at rundt ein av seks ame­ri­ka­na­rar i dag lever i hus­hald med flei­re ge­ne­ra­sjo­nar, der dei er i stand til å løyse fel­les ut­ford­rin­gar. Grei­er dei å finne like stor for­stå­ing mel­lom ge­ne­ra­sjo­na­ne i stor­sam­fun­net, ser dei håp om å finne vegen saman inn i ei ut­ford­ran­de fram­tid.