Ein av ti nordmenn har lese heile Bibelen

Sørlendingane er dei mest flittige. Det går fram av ei gransking YouGov har gjort for Nordisk bibelmuseum.

Ti prosent seier dei har «lese Bibelen frå perm til perm». 42 prosent har lese delar av Bibelen, 30 prosent har så vidt kikka i boka, og 17 prosent har ikkje lese i Bibelen i det heile.

Ifølgje undersøkinga les menn og kvinner omtrent like mykje i Bibelen. Eldre har lese meir i Bibelen enn yngre, og folk på Sørlandet les meir i Bibelen enn landsgjennomsnittet, 14 prosent mot 10 prosent.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Bibelens fallande popularitet blant yngre heng nok saman med ei generell lågare interesse for religiøse spørsmål i tida vår. Vi lever også i eit meir fleirkulturelt samfunn, seier Rune Arnhoff i ei pressemelding. Han er initiativtakar til Nordisk bibelmuseum, som etter planen opnar i Oslo våren 2018.