ARBEIDSLEDIGE: 270.000 personer meldte seg arbeidsledige i Nav i 2012. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Ein av ti meldte seg arbeidsledige i 2012

Dei fleste kom raskt i jobb.

I 2012 meldte 270.000 personar seg arbeidsledige hos Nav. Det svarar til rundt ein tidel av arbeidsstyrken her i landet.

- Arbeidsløyse rammar mange, og det er slett ikkje uvanleg å oppleve periodar som arbeidsledig, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til samanlikning var 66.000 personar i gjennomsnitt registrerte som heilt ledige i 2012. Nav-direktøren forklarer at spriket mellom tala viser kor mange som kjem raskt i jobb.

- Det viser at vi har ein velfungerande arbeidsmarknad. Mange opplever periodar med arbeidsløyse, men dei aller fleste kjem raskt i jobb, seier han.

 

(NPK)