VELKOMEN: Eg kjenner meg sterkt i slekt med 'mørkemenn og fundamentalistar», så nå veit eg kvar eg ikkje kjenner meg velkommen,- og må nok ta konsekvensen av det, skriv innsendaren. Illustrasjons

Ei opa folkekyrkje - unnateke mørkemenn og fundamentalistar?

For ei tid sidan var eg på folkemøte, arrangert av det kommunale kyrkjelege fellesråd. Tema for møtet var Gjønnes-utvalet si innstilling vedrørande kyrkje og stat. Innleiaren, som sjølv er medlem av Gjønnes-utvalet, ga ei orientering om dei ulike framlegga i utvalet. Deretter var det paneldebatt og innlegg frå salen. I panelet satt kommunepolitikarar, prosten og innleiaren. Debatten var som venta, argumenta velkjende. Mi interesse i møtet var serleg å lytte og observere.
Både frå innleiaren, panelet og salen vart det sterkt understreka at den framtidige kyrkjeordninga må gi rom for ei opa folkekyrkje. I innlegg frå salen vart dei to kontroversielle biskopane - Stålsett og Køhn - hylla som dei store reformatorane som hadde fornya kyrkja. Ingen tok til motmæle mot desse synspunkta. Så langt eg har kunna observere, til dømes i media, så er det ikkje registrert nokon auke i kyrkjesøknaden i Oslo, i biskop Stålsett si tid. Ingen reflekterte over at nettopp desse to har gått bort frå vedtak i kyrkjemøtet, som dei sjølve har vore med på, og tilsett homofile og lesbiske i vigsla stillingar i kyrkja.
Men det som har arbeidt i tankane etter dette møtet, er ikke diskusjonen, men ein enkel replikk frå innleiaren til sist i møtet. Etter å ha understreka ennå ein gong at den kyrkja ho ville ha var ei opa folkekyrkje, kom reservasjonen. Der skulle ikkje vere plass for «mørkemenn og fundamentalistar». Så kyrkjedøra var ikkje så opa likevel! Kven er så dei? Og kva ligg i desse uttrykka?
At floskelen «mørkemenn og fundamentalistar» er eit eselspark til bedehuskulturen er velkjend. No er eg ein gammal mann og har vore ein del av bedehuskulturen frå min tidlegaste ungdom, og det er eg svært glad for. Eg trur eg kjenner denne kulturen, truleg langt betre enn dei som no kjempar imot den. I denne kulturen vert fosterdrap (i framandordboka er abort definert som fosterdrap) og ekteskap mellom to av same kjønn, jamfør Partnarskapslova, sett på som synd - i samsvar med Guds ord i Bibelen. Frå abortlova vart vedteken og fram til i dag har norske legar teke livet av fleire hundre tusen menneskefoster. I Salme 139 står det slik: «Du såg meg då eg var eit foster, i di bok vart alt skrive opp; mine dagar vart fastsette før ein einaste av dei kom». Ein dag vil nok også desse bli presenterte.
Er det ikkje kyrkja si oppgåva å forsvare dei aller svakaste? Kvifor har kyrkja mist både munn og mæle når det gjeld dei store folkesyndene?
Eg kjenner meg sterkt i slekt med «mørkemenn og fundamentalistar», så nå veit eg kvar eg ikkje kjenner meg velkommen,- og må nok ta konsekvensen av det. I ein avisartikkel åtvarar Kåre Gjønnes mot argumenta med faren frå «mørkemenn». Og biskop Odd Bondevik seier i eit avisintervju: «Det er en myte og en forvrenging å si at det finnes folk, for eksempel i indremisjonen, som ønsker å lage terskelen høyere eller som vil utelukke folk.» Vidare seier han: «Kirkebenkene skal være åpne for folk uansett uten at det stilles krav. Men vi slipper ikkje hele menigheten opp på prekestolen. Der er det de som er forpliktet på Bibelens budskap som skal stå.» Dersom nåverande regjering får halda fram ei tid, blir det nok ikkje lenge før kyrkja er reinska for biskopar som har dette synet. Og diverre vil nok ein stor del av fotfolket slå fylgje.
Eit kort bibelvers renn meg i minnet. Siste verset i siste kapittel i Domarboka: «I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt». Er det slik det skal vera i den opne folkekyrkja?
For min personlege del må eg gjera Jon Lilletun sine ord til mine: «Eg er ein kristen, eg er bedehusmann, eg er fråhaldsmann, stort verre kan det vel ikkje bli». Og for å seie det med ei songstrofe: «Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn. Det får koste hva det vil, jeg vil hjem til himmelen».