TAKKSAM:Haldis Reistad er gler seg over at ho igjen får dele gode ord med andre, denne gongen saman med måleri av Odd Dubland.

Draum oppfylt mellom to permar

Lyrikaren Haldis Reigstad og målaren Odd Dubland har gått saman om å formidle med penn og pensel i boka «Himmeltonar».

Reigstad er ein av dei norske lyrikarane som sel best, og den suverent mest kjøpte mellom dei som har ein kristen profil. Med boka himmeltonar passerer bøkene hennar eit opplag på 82.000.

– For meg har det vore ein draum å få gi ut noko med Haldis Reigstad og Odd Dubland saman, sa forlagssjef Tarald Ueland i Sambåndet forlag då den ferske boka vart presentert på ein pressekonferanse i Bergen i går.



Slektskap

Odd Dubland har vore forkynnar i Norsk Luthersk Misjonssamband i nesten 50 år. Han har gitt ut fleire cd-ar og bøker og dessutan etablert seg som biletkunstnar.

Dubland svarte straks ja då han fekk spørsmål om å medverke til ei bok saman med Haldis Reigstad. Han sende over fotografi av 50 måleri. I den påkosta boka er desse presenterte saman med 65 dikt.

– Han har songe mange av songane til Haldis og opplevd at dei står i eit positivt og godt slektskapstilhøve i det dei vil formidle, fortel Ueland.

Han legg til at dei har prøvd å la bileta gi dikta til Reigstad ei så fin ramme som råd.



Vakkert

Haldis Reigstad understrekar at ho ønskjer å formidle himmeltonar gjennom alt ho skriv.

– Det er himmeltonar både i naturen, møte mellom menneske og ikkje minst i møte med Gud og Guds ord. Dette er også samanfallande med tanken til Dubland. Det er mykje hav og himmel i måleria hans, seier ho.

Dei fleste av måleria er landskapsbilete, mange av dei frå Dublands heimtrakter på Jæren.

Reigstad framhevar at dei har hatt eit godt og nært samarbeid gjennom heile prosessen. «Himmeltonar» er den sekstande boka hennar på 21 år. Som regel har ho hatt med bilete i diktsamlingane, men denne gongen synest ho resultatet vart spesielt vakkert fordi heilskapen er større:

– Dubland målar stor kunst, og det gir mykje til både for meg som forfattar og for lesaren, seier Reigstad.


DM