FRØYLAND BARNEHAGE: Blir heim for ti flyktningar.

Denne NLM-barnehagen blir bustad for flyktningar

I staden for å huse 40 barn flyttar det nå inn ti ukrainske flyktningar i Frøyland barnehage, ifølgje Jærbladet.

Flyktningane har frå før budd i Gjesdal gjestgiveri, som eigentleg skulle bli ein kristen friskule. I mars blei bygget gjort om til flyktningmottak.

Les også
Karina (14) og mormor blei flyktningar over natta

Nå kan ti av av desse flyktningane få ein meir permanent heim i ein av barnehagane til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), melder Jærbladet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frøyland barnehage ligg i Time kommune, i Rogaland, med bedehus og skule som næraste nabo.

Nå er det store endringar på gang i det tradisjonsrike NLM-bygget. Misjonsorganisasjonen har også tidlegare omdisponert bruken av lokala sine i samband med denne flyktningkrisa.

Store endringar

I bar­ne­ha­gen kjem det éi større buei­ning med sju soverom og éi lei­leg­heit med eigen inn­gang. Denne får eitt sove­rom, stove/kjøk­ken og bad.

I tillegg får dei som flyttar inn fire allrom, med kjøk­ken og stove, i tillegg til seks klo­sett og tre bad med dusj, i barnehagen.

Innflyttarane får og bruke dei store uteområda med barnehagen sine tidlegare leikeapparat.

Kommunen har godkjend bruksendringa på bygget.

Ventar på godkjenning

Ein ting gjenstår imidlertid før ukrainarane kan flytta inn. Husleigekontraktane må godkjennast av Integreringsdirektoratet og Time kommune, ifølgje Jærbladet.

Olav Aars­land, som er engasjert på nabobedehuset og i flyktningmottaket opp­ly­ser til Jærbladet at ukrainarane kan flytta inn «veldig snart».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bygget har vore tomt sidan nyåret, då Frøyland barnehage flytta inn i nye og større lokale.