Dalai Lama roser kristne misjonærar

Ingen gjer meir for utdanning og sunnhet i verda enn kristne misjonærar. Det seier tibetaneranes åndelige leiar, Dalai Lama.

- Eg har reist til ulike deler av verda, og til dei mest iso­ler­te stam­ma­ne i Oris­sa (in­disk del­stat, journ. anm.) og der er det krist­ne mi­sjo­næ­rar.

Det var under eit besøk i del­sta­ten Meg­ha­laya i det nord­aust­le­ge India at Dalai Lama kom med ro­san­de om­ta­le av krist­ne mi­sjo­næ­rar, iføl­gje den krist­ne nett­sta­den UCAN­In­dia.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noko å lære

Rundt 1.000 men­nes­ker frå 13 ulike re­li­giø­se grup­per var samla til eit tverre­li­giøst møte i byen Shil­long, då den pro­fi­ler­te bud­dhis­tis­ke leia­ren blant anna trakk fram ka­tols­ke non­ner. Dei ofra iføl­gje Dalai Lama sitt kom­for­tab­le liv for å tene andre og å gi ut­dan­ning i fjernt­lig­gjan­de om­rå­de.

- Sjølv bud­dhis­tis­ke mun­kar tener ikkje slik desse nokre gon­gar gjer, sa Dalai Lama iføl­gje nett­sta­den.

I same tale om­tal­te han kor­rup­sjon som «den mo­der­ne tids kreft» og sa at mo­der­ne ut­dan­ning ofte ber preg av å være ma­te­ria­lis­tisk.

- Bud­dhis­tar må lære seg den ver­ke­le­ge ty­din­ga av «Ahim­sa», sa han.

Ordet, som kjem frå san­skrit, tyder å ikkje gjere skade og vert ofte brukt i de­bat­tar om krig og sjølv­for­svar. Dalai Lama mei­ner meir kunn­skap om dette be­gre­pet kan vere vik­tig om bud­dhis­men skal føre til betre sam­funn.

- Vi mang­lar over­ty­ding om etik­kens verdi, og difor vil re­li­giøs ut­dan­ning ikkje bli til­strek­ke­leg.

- Ikkje kon­vertér

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tid­le­ga­re i år kom Dalai Lama med lik­nan­de ut­seg­ner, og han la då til at ein ikkje burde ar­bei­de for kon­ver­te­ring. Då var det lo­gisk betre å ta vare på sine eigne tra­di­sjo­nar, sa han i føl­gje den in­dis­ke avisa The Hindu.

- Kon­ver­sjon kan leie til kon­flik­tar mel­lom folk og i men­nes­kes indre, sa Dalai Lama og la til at han sjølv ikkje ville prei­ke bud­dhis­me i ikkje-bud­dhis­tis­ke land.

Drei­ing

Ti­be­tansk bud­dhis­me har tra­di­sjo­nelt ikkje lagt spe­si­elt stor vekt på å gjere godt for andre men­nes­ke. Det seier Grethe Rad­dum som leier Asia-ar­bei­det i den krist­ne or­ga­ni­sa­sjo­nen Areo­pa­gos.

- År­sa­ka er at gode gjer­nin­gar for andre ikkje er med og byg­gjer eins eigen karma. Dette skjer tra­di­sjo­nelt sett ved re­li­giø­se øvin­gar, og om­sorg for fat­ti­ge er ikkje blant desse, for­kla­rar ho.

Rad­dum legg til at den no­ve­ran­de Dalai Lama har gjort mykje for å endre dette.

- Det er ei kjend sak at han har vore med på å dreie ti­be­tansk bud­dhis­me til også å gjere godt for sine med­men­nes­ke. Han har også tid­le­ga­re sagt at ein bør sjå til dei krist­ne. Det end­rar ikkje bud­dhis­men som sådan, men kan gjere noko med prak­si­sen, seier Rad­dum.

Ho om­ta­lar Dalai Lama som ein lærd bud­dhist, og rek­nar med at han der­med ikkje trur på nokon gud. Fol­ke­leg ti­be­tansk bud­dhis­me er imid­ler­tid full av ulike gudar, for­tel ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Når det kjem til kor­leis van­le­ge folk prak­ti­se­rer bud­dhis­men er det store skil­na­der, seier Grethe Rad­dum.

DAGEN

Dalai Lama

Vert omtala som Tibets åndelege leiar.

Ein tittel som går i arv, tradisjonelt tett knytt til leiinga av landet Tibet. Den noverande Dalai Lama, den fjortande, leier Tibets regjering i eksil.

Den mest profilerte buddhistiske leiaren i vår tid.

Les også
Kina rasende over at Dalai Lama kommer til Norge
Les også
Tibetansk munk nummer hundre tente på seg selv