STORE NAMN: Tony Blair er berre ein av fleire kjende politikarar som har besøkt Saddleback Church. I fjor var George W. Bush innom, året før John McCain og Barack Obama. FOTO: Scanpix

Blair besøkjer Saddleback

Den tidlegare britiske statsministeren ser fram til å vere gjest hos pastor Rick Warren i den berømte megakyrkja i California.

Tony Blair vil kome til Saddleback Chruch 6. mars. Blair er ifølgje Rick Warren svært glad for å verte invitert til det sjuande Saddleback Civil Forum.

- Eg skal snakke med han om Egypt og all innsideinformasjonen, sa Warren til forsamlinga si på søndag, melder Christian Post.
Blair var statsminister frå mai 1997 til juni 2007. No er han offisiell utsending for den såkalla Midtausten-kvartetten.

Sosiale utfordringar

Rick Warren er oppteken av evangelisering, men legg også stor vekt på at den kristne kyrkja har eit sosialt ansvar. Saddlebak Civil Forum vart skipa i 2008 for å få internasjonale leiarar til å snakke om utfordringar i verda for å fremje personleg ansvar, medborgarskap og åndeleg modning.

No har Warren lansert The Global PEACE Plan som er basert på dei fem handlingane Jesus modellerte: fremje forsoning, utruste tenande leiarar, støtte dei fattige, vise omsorg for dei sjuke og utdanne den neste generasjonen.

Bush og Obama

Sist haust deltok tidlegare president George W. Bush på Saddleback Civil Forum i samband med at han lanserte sjølvbiografien «Decision Points».

Det mest kjende møtet i forumet fann likevel stad hausten 2008. Då intervjua Warren presidentkandidatane Barack Obama og John McCain om haldningane deira i verdispørsmål som er viktige for kristne.
DM