Biskop vil møte konservative prestar

Preses Helga Haugland Byfuglien har invitert Rolf Kjøde, som representerer 200 prestar, til dialog.

Det er betydeleg uro i det lågkyrkjelege Kristen-Norge etter at det vart klart at Kyrkjemøtet kom til å vedta at lesbiske og homofile par kan bli vigde i kyrkja.

200 prestar har sendt brev til Kyrkjemøtet der deiber om ordningar som ivaretek at dei kan stå for at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Preses Helga Haugland Byfuglien seieretter vedtaket måndag at Bispemøtet vil leggje til rettes for samtalar med representantar med gruppa.

– Eg ynskjer at vi skal invitere til dialog og lytte til det dei seier, seier Byfuglien.

Erklæringa om den kyrkjelege situasjonen frå prestane kan du leseher.

Fekk invitasjon

Rolf Kjøde har stått for innsamlinga av underskrifter. Han følgde måndag med på Kyrkjemøtet via nettet og mottok like etterpå invitasjonen frå Byfuglien.

– Vi vil gjerne prøve å få til eit møte.

- Kva skal de snakke om?

– Eg reknar med at dei stiller spørsmål ved korleis vi er utfordra av vedtaket, seier Kjøde.

Les meir:Nå blir det liturgi for likekjønnede

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I alle kyrkjer

– Kva er viktig for dykk?

– Vi vil snakke om prestane sin arbeidssituasjon og kyrkjelydane sin situasjon.

Kjøde opplever det som ei stor utfordring at vedtaket krev at alle kyrkjemedlemmer skal kunne inngå ekteskap i si lokale kyrkje.

– Dette er noko av det mest utfordrande i vedtaket. Det betyr at vi vil få to ulike syn representert i alle kyrkjelydar, seier Kjøde.

Valkyrkjelydaretter dansk modell har vore drøfta som ein mogeleg ventil for dei som vil ha eit konservativt alternativ innan Den norske kyrkja. Biskopane har til no kategorisk avvist valkyrkjelydar som eit alternativ. Kjøde omtalar det som «ei mindre problemstilling».

Les også: Nå er det fire kvinner som leder kirken

Oppfordra til utmelding

Misjonssambandets største region Sørvest oppfordra i mars misjonsfolk til å melde seg ut av Den norske kyrkja. Indremisjonsforbundet gjekk også langt i same retning i ei fråsegn.

Uroa vart også framheva av Rolf Magne Haukalid frå Stavanger bispedøme under debatten måndag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Skuffelsen og sorga er svært stor i dag fordi ein ser ut til å innføre ei lære som eit samle bispemøta i 1997 kalla kyrkjesplittande vranglære. Det fører til utryggleik i mange kyrkjelydar, bedehus og organisasjonar vil oppleve det vanskelig - om ikkje umogeleg - å leve med to syn, sa han.

Les også lederartikkel:Kampen fortsetter i Den norske kirke