BURSDAG: Noregs Mållag heidra Kari Veiteberg med Målprisen torsdag 4. februar. Same dagen fylte ho 60 år.

Biskop heidra med nynorskpris

Kari Veiteberg har vist korleis nynorsk kan brukast til å skapa nærleik og setja ord på det viktigaste i livet, meiner Mållaget.

Eigentleg skulle Veiteberg fått prisen på landsmøtet til Noregs Mållag i fjor, men på grunn av koronapandemien, har prisutdelinga blitt utsett gong på gong. Med 60-årsdagen til biskopen, som var torsdag i førre veke, baud det seg endeleg eit passande høve.

I grunngjevinga blir det peikt på at Kari Veiteberg som biskop i Oslo bispedøme er godt synleg i Kyrkja – ikkje berre i Oslo, men over heile landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom radio og TV er det mange som har lytta til bodskapen hennar og gledd seg over sunnhordlandsdialekten hennar, meiner Mållaget.

– Med den som klangbotn brukar ho røysta og språket godt, heiter det.

Set ord på livet

Mållaget trekkjer særleg fram evna Veiteberg har til å finna ord og språk som når inn til menneske i mange ulike livssituasjonar.

– Som prest og seinare biskop har Kari Veiteberg sett ord på dei viktigaste kjenslene og hendingane i livet. Om fødsel og død, om kjærleik og sorg, og om tru og håp. Ja, om livet sjølv, heiter det i grunngjevinga.

Noregs Mållag meiner at ho i dette arbeidet har vist kor mykje språket og nynorsken rommar og ber med seg.

– Ho syner oss kor nært det blir, desse møta mellom menneska og trua. At ein kan finna trøyst og få kvile i orda, og til andre tider bli løfta av bodskapen og orda, utdjupar Mållaget i grunngjevinga.

Gjennom måten Veiteberg brukar språket på, meiner juryen at ho gjer trua nærmare for dei som trur og meir levande for dei som ikkje trur. Sjølv er Kari Veiteberg glad og takksam.

Glad og audmjuk

Sjølv er Kari Veiteberg glad og takksam for prisen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er ei ære. Eg er svært glad for at det blir verdsett at ein leiar brukar nynorsk i det offentlege rommet. Det er viktig for meg. Eg er ei målkvinne, og som kyrkjeleiar er eg oppteken av å bruka hjartespråket.

At ho som biskop i Oslo brukar dialekt og skriv nynorsk, tek ho likevel ikkje som ei sjølvfølgje.

Då ho på 1990-talet skreiv andaktar i Aftenposten, blei ho rådd til å skriva på bokmål for å få fleire lesarar. Etter å ha rådført seg med Berge Furre, valde ho å halda på nynorsken.

Det har ho halde fram med også at ho blei biskop.

Tilbakemeldingar

– Men eg følgjer sjølvsagt reglane for det som er vedteke om at liturgiane i bispedømet skal vera på bokmål, legg ho til. Når ho går på preikestolen og held preike, brukar ho konsekvent nynorsk og dialekt. Det same gjeld om ho skal halda talar, andaktar og appellar.

– Reaksjonane som kjem til meg har berre vore positive. Folk synest eg har så fin dialekt. Mange spør om eg er i slekt med Herborg Kråkevik. Då kan eg fortelja at det er stor forskjell på Jondal og Stord, og så blir det ofte ein god samtale.

Om ein hadde skrudd klokka tilbake ein del år, trur Veiteberg folk ville vore meir avmålte.

– Generasjonane før meg har hatt det verre. Eg står på skuldrene til folk som Berge Furre, Jon Fosse og ein stor flokk andre kjende og ukjende som har tenkt at folk har godt av å høyra­ at det finst ulike dialektar i ­landet vårt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Flink til å knota

Språk har alltid vore viktig for Kari Veiteberg. Det same har den nynorske identiteten. Då ho skreiv doktoravhandlinga si i teologi, valde ho også å skriva på nynorsk.

– Det handlar om å utvida eit fagområde på hjartespråket. Eg mista sjølvsagt ein del lesarar som berre kan engelsk, men ved å skriva ein doktorgrad på hjartespråket mitt, synest eg at eg har gjort ei teneste for faget mitt.

I arbeidet som prest og biskop er det aller viktigaste for henne å bruka språket på ein måte som andre forstår. Det betyr at ho ikkje alltid kan tvihalda på eigne ord og uttrykk.

– Eg har jobba ein del med folk som nyleg har kome til Noreg. Då knotar eg som berre det. Men eg tek det ikkje for gitt at folk ikkje forstår nynorsk. Det er det mange som kan forstå.

På same måten som Kari Veiteberg er takksam for at andre har gjort det lettare å vera nynorskbrukar, er ho glad for at andre kvinner har bana veg for kvinnelege prestar.

– Eg tek det ikkje for gitt at det går an å vera kvinne og prest, seier ho.

Ho meiner det er all grunn til å feira at det i år er 60 år sidan Ingrid Bjerkås blei tilsett som den første kvinnelege presten i Noreg. Sjølv hugsar Veiteberg godt då ho møtte ein kvinneleg prest på ein speidarleir.

– Eg hadde ikkje sett noko slikt som var prest før. Hadde eg ikkje møtt denne kvinna, trur eg ikkje eg kunne sett det for meg. Eg tek difor aldri dette som sjølvsagt. Det at eg får lov til å vera nynorsktalande og kvinne, er noko eg takkar Gud for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ord til trøyst og håp

Det siste året har vore eit annleisår for kyrkja som for alle andre. Kyrkjene har blitt mindre tilgjengelege. Dei menneskelege møta færre. Kyrkja har likevel spelt ei viktig rolle, meiner Veiteberg.

På Facebook, YouTube og andre digitale flater har kyrkjer over heile landet sendt gudstenester, bedt bøner, sunge salmar, lyst velsigning og formidla ord om trøyst og håp.

– Som kyrkje veit vi at vi er nødvendige – både i samfunnet og for folk. Vi kan vera eit øyra som høyrer og eit ansikt som spør korleis det går. Vi treng kyrkja som eit fyrlys som kan vera der og ta vare på, fortelja folk at vi ber for dei eller tenner lys for dei når dei kjenner at livet er mørkt og tungt, slår biskopen fast.

Åndeleg bensinstasjon

Sjølv om Kyrkja har blitt flinke til å finna gode digitale løysingar, strekar Veiteberg under at saknet etter å møtast er stort. Mange saknar også opne kyrkjer der dei kan koma inn og vera stille, sjå, høyra og tenna lys. Åleine eller saman med nokre få andre.

Veiteberg reagerer difor sterkt på at kyrkjene i Oslo må halda stengt, medan bibliotek, vinmonopol og enkelte butikkar har fått opna igjen.

– Eg synest det umusikalsk. Vi veit at kyrkjeromma og det å få sjå nokon er heilt livsnødvendig i livet til mange, seier ho.

Biskopen meiner politikarane i hovudstaden bør læra av ordføraren i Berlin.

– Då det var snakk om kva livsnødvendige tilbod som ikkje kunne stengja, tok han med bokhandlarane. Han kalla bokhandlarar for åndelege bensinstasjonar. Det same vil eg seia om kyrkjeromma, seier Kari Veiteberg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Derfor har de ulike bispekåper
Les også
Biskop vil droppe kjent bibelvers i begravelser