SAMLAR PÅ SKRIFTA: Rune Arnhoff viser fram eit variert utval av norske, nordiske og utanlandske biblar på Nordisk bibelmuseum i Oslo.

Bibelmuseum opnar dørene

Midt i Oslo sentrum står verdas minste bibel utstilt. I ei sidegate frå Karl Johan er Nordisk bibelmuseum no klar for besøk.

300 kvadratmeter fylt med biblar i ulike årgangar, språk og størrelser blir tilgjengelege for bibelnyfikne besøkjande når Nordisk bibelmuseum opnar dørene fredag.

Initiativtakar, dagleg leiar og styreleiar Rune Arnhoff er fornøgd med å endeleg kunne vise fram store delar av samlinga si, som til saman inneheld over 2500 biblar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dette er eit museum for alle, både historieinteresserte, kunstinteresserte og bibelinteresserte, seier Arnhoff.

Gustav Vasas bibel

Ein av dei mest verdifulle biblane er ei utgåve av Gustav Vasas bibel frå 1541. I ein av montrane viser han fram ein gammal grønlandsk biletbibel med fargerike illustrasjonar. Bak glasveggane lenger borte ligg bibelen til Christian IV, konge av Danmark og Noreg frå 1588 til 1648.

– Når bibelen startar med eit bilete av deg sjølv og biografien din, kan ein kanskje snakke om ein narsissisme som til og med slår visse statsleiarar i dag, seier Arnhoff og ler.

Nordisk bibelmuseum ligg i Nedre Slottsgate 4C og vil vere ope onsdag til søndag 11-16 og torsdagar 11-18.

Les også
Fant lokaler, og snart får Oslo eget bibelmuseum
Les også
Bibelmuseum møtes med jødisk skepsis
Les også
Bibelen i sentrum
Les også
Nytt bibel-museum i USA
Les også
Ei spesiell bibelhistorie