Oddmund Brundtland – til minne

Ein folkekjær prest og ein omsorgsfull ektemann og familiefar har gått bort.

Oddmund Brundtland døydde brått 5. januar, nær 79 år gammal. Han lèt etter seg kone, fire barn og svigerbarn, 12 barnebarn og eitt oldebarn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Oddmund si slekt kom frå Nordhordland. Faren var i fleire år vaktmeister ved Frekhaug Folkehøgskule, men kjøpte gard i Vestfold og flytta til Våle i 1949. Der vaks Oddmund opp saman med 3 søsken. Heimen var prega av gudsfrykt og samhandling. Han lærte alt frå barnsbein praktisk gardsarbeid og å setja pris på dyra og naturen.

Oddmund fekk sitt åndelege gjennombrot på ein tenåringsleir på Solåsen leirstad, og fortalde med varme i stemma om dette sist me møttest like før jul.

Etter studenteksamen og eit kurs ved Fjellhaug bibelskule, stod det klart for han at han skulle via livet sitt til vitneteneste, og byrja som student ved Menighetsfakultetet i 1963. På Fjellhaug hadde han møtt Ingerd Bjerkreim – og dei to blei ein god match i 55 gode år.

Oddmund var ein målretta student som engasjerte seg i ulike aktivitetar. Med sin bedehusbakgrunn blei han med i ei gruppe som ofte var invitert til den kjente misjonsleiaren Tormod Vågen. Oddmund blei engasjert for kristen misjon, ikkje minst etter ein studietur til Etiopia.

Med teologisk embetseksamen i 1969, og praktikum året etter, bar det til Troms som feltprest i luftforsvaret ved Bardufoss. Han lika seg i Nord-Norge og blei res.kap. i Lenvik. Der fekk dei ei rik tid fram til 1979, og barneflokken auka til fire. Dei vende likevel kursen sørover og tok imot kallet til Helleland og Bjerkreim, der han blei til 1992. Det blei gode år med nær kontakt med folket, unge som eldre.

Men Nord-Norge drog både på han og familien, og difor bar det nordover igjen til Lenvik, som sokneprest og prost i Senja. I dette kallet var han til han gjekk over i teneste som seniorprest i 2005. Som pensjonist har han vore vikarprest like til 2020, då han og Ingerd flytta til Egersund til hennar heimtrakter. Knapt nokon har gjort så mykje vikarteneste i Den norske kyrkja som han.

Alt som heilt ung var Oddmund interessert i idrett. VG hadde ein gong ein presentasjon av han som «Norges sprekaste prest». Han lika turar til fots og på ski, gjerne saman med Ingerd og barna. Gjennom åra blei det mange pokalar og dessutan idrettsstatuetten.

Som menneske og prest var Oddmund sakleg og tydeleg. Han stod for klassisk luthersk teologi, vel forankra i Skrifta og vår vedkjenning. Samstundes var han open for nye spørsmålsstillingar, men ville stå imot «det tidsatmosfæriske trykk».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han var tillitvekkjande og flink til å lytta til den andre. Konfirmantane sette stor pris på han, og då han søkte seg nordover, reagerte konfirmantane i Bjerkreim og sende bønnebrev til «Kongen» og bad tynt om at dei måtte få behalde han. Han såg det som viktig å treffa eldre og sjuke i kyrkjelyden, og dei som deltok på kyrkjemøtet i Trondheim i 2000 vil hugsa hans flammande tale om å ikkje gjera prestetenesta så byråkratisk at sjukebesøk blei ein salderingspost.

Oddmund blei valt inn i ymse tillitsverv. Allereie i studietida vart han med i Studenttinget. Det kan også nemnast at han var formann i Stiftsstyret for Presteforeninga då han var i Stavanger stift. Han var medlem i Nord Hålogaland bispedømmeråd frå 1998–2001, og nådde også høgt opp som kandidat til bispestolen i Nord Hålogaland i 2002.

Framom alt var han ein glad prest, trufast og tenestevillig i heile si ferd, og strødde om seg med oppmuntringar og gode råd til dei han møtte. Han var for oss ein god ven som viste interesse og gav støtte. Difor vil han bli sakna, især av sine næraste, og mest av hans kjære Ingerd. Han var ein omsorgsfull far, bestefar og oldefar – og hadde rom for alle.

Fred over hans gode minne!