«Majoriteten har ikkje noko monopol på frimod. Tvert imot er Trygve Slagsvold Vedum eit levande døme på det motsette», skriv Tarjei Gilje.

Frykta for å skilje seg ut

Majoriteten har ikkje noko monopol på frimod.

For to veker sidan publiserte vi eit større intervju med Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Sjølvsagt var det gjort heime på garden i Stange, sjølvsagt fekk vi sjå partileiaren hogge ved.

Vedum har blitt ein moderne inkarnasjon av det folkelege norske. Det er ikkje sikkert at den stemningsbølgja han rir på no, vil vare heilt til valet. Men Vedum illustrerer noko ein kan gløyme i ei moderne verd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tidleg på 2000-talet studerte eg samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Denne bergenske varianten av statsvitskap vart meir eller mindre grunnlagd av Stein Rokkan. Han er ikkje minst kjend for forsking knytt til den såkalla sentrum-periferi-dimensjonen.

Den er ikkje utdatert. Framleis handlar mykje politisk debatt om i kva grad ein kjenner avstand til makta, og om ein opplever at ein sjølv blir høyrd. Av alle menneske har Donald Trump vorte ein talsmann for periferien i USA.

Her heime er det truleg rett å seie at dei geografiske periferiane stod sterkare før. I alle fall er det det vi har trudd. Men når Senterpartiet på fleire målingar no er landets største parti, eller ligg like bak Høgre, seier det noko om at sentrum-periferi-dimensjonen framleis er høgst aktuell.

Det er i grunnen ganske gledeleg. For veldig mange nordmenn ser på Nytt på nytt og Lindmo eller Skavlan, og mange ser framleis på Dagsrevyen. Slike program skaper felles identitet ved at så mange ser og høyrer det same over tid.

Men dei set også grenser for kva og kven som slepp inn i varmen. Dei som ikkje får kome til orde, forstår at dei ikkje høyrer heime der, på innsida.

Frykta for å skilje seg ut er ikkje noko som oppstod med sosiale medium. Men når alt ein gjer vert synleg for mange, er det ikkje rart at fleire kvir seg for å seie eller gjere noko feil. Det er tryggare å ligge lågt.

Denne veka las eg eit interessant lesarinnlegg i Bergens Tidende signert to studentar. Det hadde overskrifta «Vi tør ikke si det vi egentlig mener». Halvor Mjøen Berg og Eivind Galdal, som dei to studentane heiter, skreiv at om ein til dømes vil stille spørsmål ved sider ved Black Lives Matter-rørsla, vert ein raskt stempla som rasist.

Om ein stiller spørsmål ved ein såkalla ikkje-binær kjønnspolitikk, vert ein sett på som transfobisk. Om ein kritiserer feministiske rørsler for å gå for langt, er ein kvinnehatar. Ein kan meine ulikt om alle desse spørsmåla.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det går an å forstå at ein som vil hevde noko motstraums på desse felta, må vente seg kritikk. Opplevinga av debattklimaet er ein subjektiv storleik.

Det er ikkje sikkert at alle opplever det same, men vi gjer lurt i å lytte til det desse studentane seier. Samstundes er det heldigvis ikkje slik at denne opplevinga åleine skal definere korleis dei eller vi vel å opptre.

Ein seier gjerne at Noreg særleg på 1800- og 1900-talet blei prega av motkulturane. Det gjeld ikkje minst fråhaldsrørsla, målrørsla og den kristne lekmannsrørsla.

Ingen av desse oppstod i, eller hadde sine sterkaste tyngdepunkt i, dei største byane. Men dei vaks fram rundt i landet, av medvitne menneske som frimodig stod for noko og ynskte og arbeidde for ei anna utvikling.

Korleis såg ein i byane på desse? Det kunne sikkert variere. Det var sikkert nokon i hovudstaden som såg seg sjølv som progressive - som framtidsretta, og som såg motkulturane som eit uttrykk for forsinka distriktsopprør, eller som protestar frå generelt treige og gammaldagse menneske.

Det kan ligge mykje identitet i sjølve omgrepa. Kven vil vel ikkje vere progressiv? Og omvendt: om konservativ tyder ein som ser mot fortida heller enn mot framtida, eller generelt ein som berre heng etter, kven vil vel vere ein slik?

Men dei som representerte motkulturane, måtte tåle å bli tatt stilling til. Dei måtte finne seg i å bli kritisert. Noko av kritikken kunne sikkert vere særleg vanskeleg å svare på.

Og i eit historisk perspektiv kan vi sjå at desse rørslene tydelegvis ikkje klarte å gje gode svar på alle spørsmåla. Dei har i alle fall tapt terreng. Men det tyder ikkje at sentrum, eliten, eller kva ein no vil kalle dei, er dei einaste som fortener å bli høyrde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I den nyaste boka si skriv den svenske forfattaren Magnus Malm om korleis kyrkja, og då særleg frikyrkjene, kan vere ein profetisk minoritet. Det kan høyrast vel sterkt ut. Men majoriteten har ikkje noko monopol på frimod.

Tvert imot er Trygve Slagsvold Vedum eit levande døme på det motsette. No er han populær og siglar i medvind. Slik var det ikkje for Senterpartiet då han tok over leiinga. Han har satsa på eit prosjekt han har tru på.

Og han har vore lur på den måten at han har unngått mange feller. Det vil han nok ikkje kunne halde fram med for alltid. Men han viser at det går an å tenke annleis. Mange lågkyrkjelege kristne har høyrd heime i nettopp Senterpartiet.

Når ein spør KrF-veljarar kva for andre parti dei likar best, er svara gjerne Senterpartiet og Høgre. Det at mange veljarar vandrar mellom Sp og KrF, er ikkje noko som har oppstått dei seinaste åra. Begge partia representerer dei tradisjonelle motkulturane.

Det er nok riktig at debattkilmaet i dag kjennest hardt. Og for den majoriteten som vil halde på definisjonsmakta, er det lettare enn før å halde kritikk nede gjennom ord og bilete til dømes i sosiale medium.

Men det går an å opptre frimodig likevel. Det går an å seie at ein ikkje vil finne seg i å bli knebla. Fordi ein står for noko som er umisteleg, noko som er viktig, vakkert og verdifullt, og noko som i dag ikkje blir tilstrekkeleg høyrd i den offentlege samtalen.

Nokre gonger må ein protestere når ytringsrommet vert for lite. Andre gonger, og eg trur: oftare enn mange tenkjer over, er rommet faktisk større enn det kan verke. Men om ingen går inn i det, forblir rommet tomt.

Les også
Er dette Norges neste statsminister?
Les også
Ønsker tverrpolitisk abort-løsningTrygve Magnus Slagsvold Vedum