Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Guds kyrkje, jordas største under

Har kyrkjene våre opne prosessar og strukturar som hindrar maktmisbruk?

«Dei sang og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelse». Slik blir livet i dei første kristne fellesskapa omtalt i Bibelen. For ein attest! For eit ideal å strekke seg mot! Måtte det alltid vere slik.

Dei som har tilhøyrt ei kristen forsamling over tid, veit at det på sitt beste kan vere som ein forsmak på himmelen. Men det kan også vere krevjande. Trøyttande. Demotiverande. Nokre har også opplevd at det gjekk på integriteten og helsa laus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er eit paradoks, dette, at det kristne fellesskapet som er så viktig for at vi skal bevare trua vår, samtidig kan vere så vanskeleg å få til å fungere.

«Guds menighet er jorden største under», heiter det i ein salme av Ronald Fangen. Eller plunder, vil somme litt uerbødig legge til. Kyrkjekonfliktar ser ut til å vere uunngåelege.

Og det er kanskje ikkje så rart, all den tid det er vanlege folk og ikkje helgenar som fyller kyrkjer flest. Det vil alltid finnast prestar og pastorar som forargar eller snakkar for lenge og for kjedeleg. Alltid vere ulike meiningar om musikk og karismatikk.

Alltid vere folk som blir skuffa, såra og fornærma. Og endå verre: Frå tid til annan vil det skje at menneske tøyer grenser og misbrukar tilliten dei har fått. Då må det ryddast opp, og ansvaret plasserast der det høyrer heime. For kallet vårt er å vandre i lyset.

Den siste veka har Dagen skrive om kritikk mot organisasjonskulturen i NLM. Og om pastorar som sluttar i Hillsong.

Tidlegare har vi blant anna skrive om konflikt i Bergens Indremisjon si forsamling, Betlehem. Og endå lenger tilbake: Om konfliktar i Kristent Fellesskap og dåverande Levande Ord.

Det finst dei som meiner at Dagen ikkje bør skrive om kyrkjekonfliktar, men heller konsentrere oss om det som er godt og oppbyggeleg. Vi skal dét óg, men ikkje berre.

Det er pressa si oppgåve å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige tilhøve. Det er også vår oppgave å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsøming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre, slik det heiter i paragrafane 1,4 og 1,5 i Vær varsom-plakaten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då kan vi som ei avis grunnlagd på kristne statuttar ikkje la vere å skrive om kritikkverdige forhold hos våre eigne. Så kan ein diskutere om vi dekkar dei konkrete sakene godt eller mindre bra. Dét er ei anna sak.

Kor ille det kan gå når konfliktar og overgrep blir dyssa ned, ser ein i sin ytterste konsekvens i pinsekyrkja i Knutby i Sverige. Men også i den katolske kyrkja der massive overgrep mot barn vart fortia i årevis. At den katolske kyrkja venta så lenge med å rydde opp, forlenga lidinga til barna og svekka truverdet og vitnesbyrdet til kyrkja.

Så tenkjer vi gjerne at Knutby og dei katolske overgrepsskandalane er så ekstreme at dei ikkje angår oss. Men der kan der vere ting å lære, både frå desse og andre kyrkjelege konfliktar som blir rulla opp. Har kyrkjene våre opne prosessar og strukturar som hindrar maktmisbruk? Har vi ein kultur som verdset at folk kan ha ulike syn? Har vi rutinar for varsling om kritikkverdige tilhøve?

Kyrkjekonfliktar kan ofte skape svært djupe sår. Når ein har investert mykje og trudd sterkt, kan nedturen bli desto brattare. Det finst altfor mange døme på at aktive medlemer etter slike konfliktar har trekt seg unna fellesskapet.

Nokre blir permanent forsamlingslause. Nokre mister trua. Difor er det så viktig å etablere strukturar og kultur som hjelper oss å løyse usemje på minneleg vis – og å søkje hjelp til å løyse konfliktar straks dei oppstår.

Trass alt skulle vi kristne ha topp kompetanse på dei viktigaste elementa i konfliktløysing - nemleg å omvende oss og be kvarandre om tilgjeving. Bibelen lærer oss å søkje sanninga, sørge for at rettferd skjer og at ansvarlege blir stilt til ansvar, men også å vise kvarandre nåde.

Det er eit stort mysterium dette, at Gud har gjort seg avhengig av alle desse skjøre, ufullkomne forsamlingane som til saman utgjer den verdsvide kyrkja. Etter 2000 år med framgang og djupe bølgedalar, kiv og strid, forfølgjing og vekkjing, er kyrkja her enno. Kvar dag legg Herren til nye som lét seg frelse

Guds kyrkje er verkeleg «jordens største under». Ikkje fordi vi omsider får skikk på fellesskapa våre og endeleg fiksar kyrkjelivet. Men fordi, som det står i den vakre salmen til Ronald Fangen, Kristus i all æve er den same.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi som er del av denne brokete flokken av Guds barn, snublar rett som det er. Han som er frelsar og herre over historia, står fast.