Illustrasjonsfoto: Heiko Junge, NTB scanpix

Travle med feil ting

Tida vi har fått, er avgrensa. Det vert vi minna om no. Lat oss tenkje over om vi fyller dei med meining.

Når mykje av samfunnet stoppar opp, får vi også ein sjanse til å stoppe opp sjølve. Tidsklemma er eit omgrep som dei siste åra er blitt mykje brukt om livsopplevinga til folk flest. Særleg gjeld det småbarnsfamiliar.

Dei lever i skvis mellom jobb, skule, ei stadig meir organisert fritid og generelt aukande forventningar til kva vi skal oppleve og utrette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då kan det vere verdt å minne om at tida er det einaste som er heilt likt fordelt mellom menneske. Alle får tildelt 24 timar i døgnet som vi må forvalte. Det varierer sjølvsagt kor mykje av denne tida vi har til fri disposisjon, men kanskje er det meir av tida enn vi tenkjer over.

– Krisa har vist oss at mange kan arbeide langt mindre og stadig nå det same, seier den danske sosialantropologen Dennis Nørmark til Kristeligt Dagblad.

Nørmark er medforfattar av boka «Pseudoarbeide - hvordan vi fikk travlt med at lave ingenting». Han meiner vi no har fått ein sjanse til å avsløre uproduktive aktivitetar som mest handlar om å framstå travle overfor sjefar og kollegaer på arbeidsplassar. Samstundes forsvinn problemet med at vi stadig vert forstyrra på eit stort kontor.

Det gjer at det same arbeidet kan gjerast på langt kortare tid. Han viser til Parkinsons lov som seier at eit arbeid fyller den tida som er sett av til dette arbeidet.

Det kan nok variere kor produktive vi greier å vere under andre tilhøve enn dei vi vanlegvis har for arbeidet vårt. For mange kan ansvaret for å følgje opp born som er heime, ugjort husarbeid og generell «brakkesyke» gjere det vanskelegare å vere produktiv, i alle fall over lang tid. Men uansett har vi alle ein unik sjanse til å reflektere over korleis vi forvaltar tida vår.

Å ha det travelt utan å vere produktiv er ikkje eit nytt problem. I 1723 skreiv Ludvig Holberg komedien «Den stundesløse». Om hovudpersonen seier figuren Pernille: «Herren arbeider på intet, det er intet og det blir til intet». Med aukande freistingar frå ikkje minst digitaliseringa og underhaldningsindustrien er dette problemet knapt blitt mindre på 300 år.

Tidlegare i vår var den britiske forfattaren Os Guinness intervjua i Dagen om den siste boka si, «Carpe Diem Redeemed: Seizing the Day, Discerning the Times». Denne handlar om korleis ei bibelsk forståing av tid gir oss hjelp til å gripe dagen og vurdere tidene vi sjølve lever i.

Sentralt i denne tenkinga er det at Gud er herre over tida og at tidene er i hans hand. Det gjer at ein kristen kan leggje av seg den børa det er å tenkje at vi sjølve skal ha kontroll over samtida og framtida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samstundes har vi eit kall til å fylle dagane på ein meiningsfull måte, til ære for Gud og gagn for medmenneska våre. Det er også den beste vegen til eit godt liv, i djupaste forstand.

«Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske, så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde», skriv Paulus i Efesarbrevet. Utsegna står i samanheng med at kristne vert oppmoda til å leve i lyset, ikkje i mørket, og å bli fylte av Den heilage ande så vi kan vere takksame til Gud.

Tida vi har fått, er avgrensa. Det vert vi minna om no. Lat oss tenkje over om vi fyller dei med meining.