RETTSSAK: Skodespelaren Annabe
...
RETTSSAK: Skodespelaren Annabella Sciorra fortalde torsdag gråtande i retten at ho blei valdteken av filmmogulen Harvey Weinstein. 59 år gamle Sciorra, som blant anna er kjend frå TV-serien «Sopranos», er aktoratets første vitne i rettssaka mot Weinstein, som er tiltalt for valdtekt og seksuelle overgrep mot to kvinner. Foto: Kathy Willens, AP Photo, NTB scanpix
leder
#metoo er på ingen måte slutt
Del
#metoo endra haldningar. Det er blitt lettare å varsle om seksuell trakassering, men lett blir det likevel aldri.

Denne veka opna rettsaka mot den tidlegare filmmogulen Harvey Weinstein i New York. Weinstein er mannen som fekk #metoo-snøballen til å byrje å rulle. Nær 90 kvinner, blant dei kjende namn som Angelina Jolie og Gwyneth Paltrow, har skulda han for seksuell trakassering, overgrep og valdtekter.

Saka som starta denne veka handlar om mogleg valdtekt av to kvinner. Dei står som representantar for alle dei andre berørte kvinnene i det NRKs kulturkommentator Agnes Moxnes omtalar som dette tiårets symbolsak.

Harvey Weinstein kan bli dømd til livsvarig fengsel, men han kan også gå fri. «Det gjør han hvis juryen aksepterer at han bare har gjort det mektige menn i Hollywood har gjort til alle tider – gitt inntrykk av at man kan bytte sex mot en filmrolle», skriv Moxnes på nrk.no.

Det er dette som gjer at saka mot Weinstein er større enn han sjølv: At det gjeld eit fenomen, eit stadig pågåande uvesen, noko «mektige menn har gjort til alle tider» som har ramma kvinner på alle arenaer, på jobb, i fritida og i familien. For oftast er det menn som står bak overgrep og trakassering, og som regel er det kvinner som blir ramma. Men ikkje alltid.

At Weinstein ikkje er den einaste, er blitt tydeleg for all verda i løpet av dei vel to åra som er gått sidan The New York Times og The New Yorker publiserte dei første skuldingane mot han i oktober i 2017. Ein av skandalane som har kome fram i lyset, skjedde i redaksjonen til TV-kanalen Fox News i USA, der den øverste sjefen kravde seksuelle tenester for å forfremje unge kvinner.

Historia blir fortald i filmen «Bombshell», som no går på norske kinoar. Filmen skildrar ein kultur med eit rystande kvinnesyn, der det var utenkjeleg å varsle om seksuell trakassering. Alle visste, og alle tidde, fordi kostnadene med å stå fram var så store. Då 23 kvinner likevel klarte å samle seg og gå til sak, førte det til at Fox News-sjefen Roger Ailes måtte gå.

I filmen, som i livet elles, skjer seksuell trakassering og overgrep som oftast i det skjulte. Fordi det handlar om asymmetriske maktforhold, vanskeleg bevisføring og skam, har kvinner gjennom tidene ofte valt å teie om det dei er utsette for. Dei som likevel har våga å snakke, har fått erfare at deira eigen integritet, moral og truverde blir trekt i tvil.

Det ser vi også i Weinstein-saka, der det er venta at forsvararane kjem til å gå hardt ut mot kvinnene som skulda han for valdtekt. Desto viktigare er det å vise at dette rammar mange. Det er dét som er heile poenget med #metoo. Å få fram at ein ikkje er åleine og ikkje treng skamme seg.

Etter kvart som #metoo-debatten fossa fram for to år sidan, vart også motstemmene tydelegare. Dei understreka at kvinner ikkje berre er offer, men også kan ha makt. Og det vart ropt varsko på vegne av rettstryggleiken til dei som vart utpeika som overgriparar. Dei nyanserande stemmene og kritiske spørsmåla var viktige. For når ein jagar i flokk, er det fort gjort å gå frå ei grøft til ei anna. Usanne skuldingar brukt som hevn, er også eit overgrep.

Konklusjonen i dag er likevel at #metoo vart eit vannskille i kampen mot seksuell trakassering. Det vart erkjent som eit omfattande, strukturelt samfunnsproblem, og det vart sett søkelys på trakassering i sektor etter sektor. I media, i politikken, i forsvaret, i kulturlivet og helsesektoren. Blant anna. Ringverknadene spreier seg til stadig nye miljø. Tysdag kunne Dagen melde om gryande vilje til å snakke om seksuelle overgrep blant muslimske leiarar.

Same dag vart det kjent at det har vore ein liten nedgang i omfanget av seksuell trakassering blant medietilsette. 96 personar har opplevd dette dei siste seks månadene, mot 178 personar i den førre undersøkinga frå 2017.

Vi kan håpe at nedgangen er resultat av innsatsen for å førebyggje trakassering. Redaksjonane har innført rutinar for varsling. Folk er blitt meir bevisste, både korleis ein omgåast og kva risiko som er knytt til stor makt og stort alkoholinntak. Og der ein før gjerne tenkte «slik er det berre», når alkoholpåverka menn tafsa på yngre kvinner, ser mange no situasjonen gjennom nye briller og grip inn. For den slags åtferd er ikkje akseptabel. Slik har #metoo endra haldningar.

Så må vi også håpe at fleire tør å seie frå, og at dei opplever å bli møtt med respekt. Heilt lett vil det aldri bli. Det ser ein tydeleg i «Bombshell». Uansett kor sterk og dyktig kvinna er, vil ho som blir krenka lett kjenne seg invadert, overrumpla og liten.

Nettopp fordi konsekvensane er så øydeleggande, må det haldast eit kontinuerleg trykk på arbeidet mot trakassering. «Seksuell trakassering forebygges ikke en gang for alle. Dette arbeidet er ferskvare», understreka Reidun Kjelling Nybø, assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, då den siste undersøkinga i mediebransjen starta. Dét er ei viktig påminning.

#metoo,bombshell,fox news,harvey weinstein,seksuell trakassering,metoo,kari fure