Mannsbastionar?

Kva konsekvensar får eit konservativt syn på tenestedeling for synet på kvinner generelt?

«Kva spor såg du etter kvinner i Dagen-historia?»

Spørsmålet vart stilt til forfattar Dag Kullerud av Dagen-redaktør Astrid Dalehaug Norheim. Kullerud har som mange lesarar veit, skrive bok om Dagen gjennom hundre år. På jubileumsfesten intervjua Norheim han om boka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kullerud hadde ikkje funne mange spor etter kvinner.

«Dagen har vore ein mannsbastion», konkluderte han.

Det gjekk fleire tiår år før den første kvinna vart tilsett som journalist i Dagen. I og for seg var ikkje dette eineståande i norsk presse. Også andre redaksjonar bar lenge preg av å vere mannsbastionar. Kvinnene var sekretærar. Mennene var journalistar og redaktørar.

Norske kvinner hadde berre hatt røysterett i seks år då Dagen vart grunnlagd. I løpet av dei hundre åra som har gått, har kvinnekampen bana veg for kvinner på dei fleste område. For vår tids unge kvinner er det like opplagt at ei kvinne er statsminister som at kvinner har sin naturlege plass i styrerom og leiarstillingar.

Det er kompetanse, ikkje kjønn, som avgjer. Det er ingen grenser for kva kvinner kan gjere, i alle fall i teorien.

I deler av Kristen-Noreg er det framleis grenser for kva kvinner kan gjere. Dagen står fast på prinsippet om tenestedeling, altså at hyrde- og læretenester er forbeholdt menn.

Mange kyrkjer og organisasjonar meiner det same. Som Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Indremisjonsforbundet (ImF) og DELK. I Noreg er både Den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene i vekst. Internasjonalt soknar milliardar til desse kyrkjene der presteembetet er forbeholdt menn.

Målet med denne teksten er dermed ikkje å utfordre prinsippet om tenestedeling. Målet er å utfordre kyrkjene og organisasjonane som har dette synet, på kva konsekvensar det får for kvinnene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sist laurdag var eg til stades på NLM kvinnenettverks konferanse «Kvinne 2019». Konferansen var fri for sentimentalitet og rosa dekorasjonar. Forkynninga hadde eit klart fokus på kallet, nemleg å føre menneske til tru på Jesus Kristus. Dyktige kvinner som hadde takka ja til leiaroppgåver gjekk på podiet og oppmoda medsøstre til å gjere like eins.

Kvinner med lang fartstid i organisasjonen tala ærleg om at dei hadde høyrt litt av kvart, som kunne ta frimodet frå den mest tjukkhuda. «Den neste styraren er ei kvinne, dessverre», fekk Kari Helene Haugen høyre då ho hadde reist rundt halve kloden for å overta leiinga ved eit ungdomssenter i Japan.

Det som redda henne, var at ho klarte å fokusere på kallet. Eit sterkt kall om å forkynne evangeliet om Jesus så mennesker kan bli frelste. På konferansen oppmuntra ho andre kvinner til å verne om frimodet. «Når menneske vil ta frå oss frimodet, må vi spørje oss om det botnar i kultur eller i bibelsk teologi», sa ho.

Det var så ein kunne fornemme at kvinnene i salen verkte etter å brette opp ermene og kome i gang med det store oppdraget. Dei måtte berre rydde vekk nokre hindringar i vegen først, hindringar som handlar om kultur, ikkje teologi.

Etter «Kvinne 2019» å døme, har NLMs kvinnenettverk starta ein god og konstruktiv debatt om kvinners rolle i organisasjonen. Håpet er at dette kan inspirere andre organisasjonar og kyrkjesamfunn til å våge å ta liknande debattar. For dei trengst.

Kva konsekvensar får, til dømes, eit konservativt syn på tenestedeling for synet på kvinner generelt? Risikerer ein at kvinner blir sett på som annanrangs? Som reservar? I Kristen-Noreg har ein meir enn éin gong sett døme på at kvinner blir plassert midlertidig i stillingar, medan ein venta på å finne ein høveleg mann. Korleis byggjer ein sjølvkjensle hos kvinner som frå dei var småjenter har erfart at det å vere jente er ei ulempe?

Kva signal sender ein når tenåringsgutar kan veljast til verv, men ikkje kvinner med lang erfaring? Og kva sosiale dynamikkar skaper ein i kristne fellesskap der alle leiarane er menn, som byggjer nettverk med og søkjer stadfesting frå kvarandre?

Eit anna poeng er kva ein risikerer å tape, dersom ein for å vere på den sikre sida definerer tenestedelinga for trongt. Som eksempel er godt over hundre stillingar og verv i NLM forbeholdt menn. Er det nødvendig?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kan det vere at ein der og andre stader går glipp av kvinnelege søkjarar med verdfull kompetanse? Eller endå verre: Kan det vere at ein set bremser på det store misjonsoppdraget, fordi ein innskrenkar kvinners handlingsrom?

Kva kvinner som elskar Jesus er i stand til, ser ein blant anna i Iran, eit land som opplever ei eventyrleg vekkjing, og der kvinnene er i stort fleirtal blant konvertittane.

Hos Jesus fann dei tidlegare muslimske kvinnene oppreisning og verdigheit. Får kvinner den same kjensla av gjenoppretta verdigheit når dei kjem inn i våre konservative forsamlingar? Viss ikkje er det eitt og anna vi må justere.