Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Arvesølvet

Det er ikkje berre bunadssøljene og besteskoa vi bør blankpusse i desse dagar.

Vi bør også blåse støv av grunnane til å feire nasjonaldagen, slik at den oppveksande slekta forstår kor viktig det er at dei tek vare på arvesølvet.

Vi lever i ei tid der demokratiet er under press mange stader i verda. Denne veka var det val i Sør-Afrika, men mange unge sørafrikanarar sat heime på valdagen. Dei har mist trua på partipolitikken. «Born Frees», blir dei kalla, dei som har vakse opp etter at apartheid-regimet fall for 25 år sidan.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei har ikkje dei same sterke kjenslene for Nelson Mandelas parti ANC som foreldrene. I staden er dei frustrerte og desillusjonerte. Høg arbeidsløyse, sosial urettferd og utbreidd korrupsjon har gjort at mange har mist tilliten til systemet. Det lovar ikkje godt for framtida i dette landet der folk har betalt slik ein høg pris for demokratiet.

Også i Tyrkia er mange i ferd med å miste trua på demokratiet. Mange opplevde at det vart slått endå ein spikar i kista då valkommisjonen i Tyrkia måndag gav beskjed om at det skal haldast omval i Istanbul etter at AKP-partiet til president Erdogan uventa tapte lokalvalet i byen. «Ved å annullere valet, dreg han Tyrkia endå eit steg bort frå demokratiet», seier NRKs korrespondent Sidsel Wold.

Ifølgje den uavhengige, amerikanske organisasjonen Freedom House vart 2018 det trettande året på rad med demokratisk tilbakegang i verda. Fleire autoritære regime, som Russland og Kina blir styrka, og fleire demokratiske blir svekka. EU-landa Polen og Ungarn er døme på det siste. «Ungarn er ikkje lenger eit fritt land», er konklusjonen frå Freedom House.

Dei autoritære leiarane brukar same oppskrift i land etter land: Dei svekkar sivilsamfunnet, akademia, dei frie media og prinsippet om eit uavhengig rettsapparat. Slik kneblar dei politiske motstandarar. Svært ofte ser vi at også religiøse grupper blir råka.

Eit illevarslande demokratisk sjukdomsteikn er ikkje minst auken i antisemittisk vald. Universitetet i Tel Aviv melde sist veke om ein auke på 13 prosent i vald mot jødar verda over i 2018. Meir enn kvart fjerde åtak skjedde i USA, men auken var størst i Vest-Europa. I Tyskland var auken på heile 70 prosent frå året før.

Ifølgje Freedom House er Noreg eit av dei demokratisk mest robuste landa i verda med frie og rettferdige val. Dei politiske partia skifter på å ha makta, sivile fridomar blir respektert og uavhengige media held styresmaktene ansvarlege. Vi kan legge til at valdeltakinga i Noreg har lege stabilt over snittet i Europa. Tankesmia Agenda peikar likevel på at den er lågast i Skandinavia og nest lågast i Norden.

Det er dessutan ei utfordring med låg norsk valdeltaking blant unge menn med lite utdanning, og ein ser tydelege geografiske og sosiale skilnader. Det er altså ingen grunn til at vi skal slå oss sjølvgode på brystet, men svært gode grunnar til at vi kontinuerleg skal kjempe for det vi har kjært, og som vi kan vere stolte og takksame for.

Difor er det flott at Stortinget vel å feire at det i år er hundre år sidan Noreg fekk stemmrett for alle. Vi var nok fleire som stussa då meldinga kom, med stemmrerettsjubileet i 2013 relativt friskt i minnet. Men saka er at stemmeretten lenge vart inndregen dersom folk fekk fattigstøtte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Å motta støtte til å kjøpe skulebøker og kle til barna var nok til å miste stemmeretten. Etter ei lovendring i 1919 vart dette retta opp. Frå då av var ikkje økonomisk status lenger avgjerande for om folk fekk stemme eller ikkje. «Det er viktig å feire jubileum, for det er lett å gløyme at retten til å stemme har blitt vunnen steg for steg», seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen til NTB.

Samtidig viser utviklinga i verda at demokratiet lett kan bli tapt, steg for steg, dersom ein ikkje er på vakt. Difor er det viktig å bruke nasjonaldagen og jubileet til å blankpusse arvesølvet og minne kvarandre på kva vi har, og kva vi for alt i verda ikkje må miste. Men den viktigaste jobben gjer vi ved å ta kloke val kvar einaste dag.

Blant anna ved å styrke demokratiopplæringa i skulen, oppmuntre dei unge til å delta og lære dei god debattkultur. Ved å oppretthalde og styrke mediemangfaldet.

Ved å hegne om den frie forskinga og uavhengigheita til domstolane. Og ved å setje inn tiltak for å auke valdeltakinga i grupper som melder seg ut. For det er der kjensla av avmakt er stor, at populistiske anti-demokratiske krefter har best grobotn.