KAMPANJE: Signér! Er oppfordringa på plakaten på boden midt i Warszawa sentrum. På åttitallet var kyrkja i Polen tilfluktsstad for eit folk undertrykt av den kommunistiske regjeringa. No er kyrkja tett kopla på den høgrepopulistiske regjeringa - og ein del av folket raser.

Kyrkjas tette band til regjeringa

– Kyrkja betaler ikkje skatt og dei valdtek born.

Kvinna i tretti-førtiårsalderen snakka bestemt og tydeleg på perfekt engelsk. Ho hadde sett seg raskt ned for å signere på ein underskriftskampanje i sentrum av Warszawa, hovudstaden i Polen.

Boden ho hadde sett seg ned ved, hadde eit bord og plakatar der det står «signér». Dei oppfordra forbipasserande til å skrive under på eit krav om å skilje kyrkja og staten i Polen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg var på konferanse for religionsjournalistar i Warszawa i juni då eg trefte på aksjonistane.

Vi spurte kvifor dei vil skilje stat og kyrkje. Medan dei leita etter ord på engelsk, tok kvinna ordet og sa bestemt: «Det er urettferdig. Kyrkja betaler ikkje skatt og dei valdtek born».

I det ho var ferdig med å signere, reiste ho seg og gjekk raskt vidare.

Berre få minutt tidlegare har eg stått nede i kjellaren under St. Stauslav-kyrkja nokre kvartal unna. Dette var kyrkja som var sentrum for opprøret mot den kommunistiske staten tideleg på åttitalet.

Den unge presten Jerzy Popieluszko hadde nær kontakt med Solidaritet, fagbevegelsen som gjorde opprør mot kommunistregimet i Polen. Han heldt messe for skipsverftarbeidarane og følgde med dei når dei måtte møte i retten.

Dei begynte å kome til messe for å høyre han tale.

Så følgde andre etter. Kunstnarar, akademikarar. Ein av dei var Andrzej Krajewski, som den gong var redaktør for undergrunnsavis og som seinare vart profilert journalist i Polens allmennkringkastar og svar på NRK. No var han med oss religionsjournalistar på konferansen.

«Han talte sanning», sa Krajewski om Popieluszko.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjellaren i kyrkja er omgjort til museum for den kjende presten. Her vert det lagt vekt på at han talte om å gjengjelde vondt med godt. Om å gjere det rette. Om å vere audmjuk.

Sjølv hadde Popieluszko også fått brynt seg på kommunistregimet. Det vert fortalt at alle studentane på presteseminaret vart sende i militæret i to år, der dei også fekk solide doser med kommunistisk propaganda. Målet skal ha vore å ta frå dei trua og assimilere dei med dei andre militære. Men det motsette skjedde. I staden for vart dei andre soldatane med på bønemøte med prestestudentane.

Dermed endra regimet strategi: Prestestudentane måtte framleis i militæret, men i eigne grupper.

I museet kan ein sjå brev den unge Popieluszko sende til presten sin for å få råd og støtte i denne tida.

Det var eit bodskap om sanning som førte tusenvis til gudstenester i kyrkja i Warszawa. Kyrkja vart for lita. Messene vart flytta utandørs, og Popieluszko talte til folket. Talane hans vart tekne opp, kopierte på kassettar og spreidde i eit illegalt nettverk. Ei av dei som spreidde kassettane, var Krajewski.

Til slutt vart det for eksplosivt for regimet. Ein kveld Popieluszko var på veg tilbake til kyrkja i bil, vart bilen kapra.

I fleire dagar venta folk i og rundt kyrkja og bad om at presten skulle kome tilbake.

Etter nokre dagar vart han funnen torturert og drepen, dumpa i ei elv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kor mange som kom til gravferda hans, er det ingen som heilt veit. 250.000 seier dei lågaste anslaga. Opp mot 800.000, ifølgje andre. Kista vart plassert utanfor inngongsdøra til kyrkja. Folkemengda var det ikkje råd å sjå enden på. Bilete viser folk som står på taka av bygningane rundt for å kunne vere til stades.

– I dette området stod eg, sa Krajewski og peikte på ein del av folkemengda til venstre utanfor kyrkjeportane.

Regimet våga ikkje å gje løyve til at presten skulle gravleggjast på kyrkjegarden med ei så stor folkemengd som skulle flyttast. Difor vart Popieluszko gravlagt berre nokre meter til sides for inngongsdøra til kyrkja, innanfor gjerdet rundt kyrkja.

35 år seinare heng framleis bannera til Solidaritet på gjerdet rundt kyrkja. Kvinner kneler og ber framfor grava.

Kommunistregimet er for lengst forkasta. Og kyrkja si uavhengige og kritiske rolle er også vekke. I dag er Polen styrt av det høgrepopulistiske Lov og orden-partiet PIS. Dei er dei første til å gå i krigen for å forsvare Den romersk-katolske kyrkja som garantist for polske og kristne verdiar.

Søndag går polakkane til val. Slik det ser ut no, kan Lov og orden-partiet få reint fleirtal i underhuset.

Dei siste månadane har det blitt avdekka seksuelt misbruk av barn også av katolske prestar. Først vart filmen Klerk «Presteskap» lansert i fjor haust. I vår kom YouTube-dokumentaren «Don´t tell anyone» («Ikkje sei det til nokon»). Utsette har fortalt historier om sexmisbruk og prestar som har blitt verna om av kyrkja og flytta til nye kyrkjelydar. Dokumentaren hadde ti millionar visningar dei to første dagane.

Lov og orden-partiet svarte med å gå til åtak på dei som har laga filmen og dokumentaren og kallar det åtak frå venstresida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange polakkar ser seg rundt og seier at det sikkert har skjedd misbruk nokon stad, men alle prestar er ikkje slik. Deira kyrkjelyd og deira prest er gode, seier dei. Så fortset dei som før.

Og så har du polakkane som er opprørte over ei kyrkje som dei opplever er i klamme famntak med dagens regime og som er mest oppteken av å forsvare seg sjølv.

Journalistar fortel at det er svært vanskeleg å få tilgang til pressekonferanser eller få vite kva kyrkja gjer med skuldingane.

Og så har du nokon som kvinna som signerte. Som ikkje nemner med eitt ord ei kyrkje som talar om sanning og rettferd. Ho opplever tvert om at kyrkja har urimelege privilegium, trass i at kyrkja formelt sett er skilt frå staten og er uavhengig.

25 år etter at Popieluszko vart drepen, ser ho ikkje ei kyrkje som talar sanning på vegner av dei svake i samfunnet.