Norsk kultur: kristendom, bondevett og patriotisme

«Det går føre seg ein åndskamp, 
men eg kjenner ingen folkevald eller biskop som brukar ordet.»

Med jamne mellomrom dukkar det opp ein tale eller eit innlegg med kvikk-fix for å karakterisere Noreg, nordmenn og norsk kultur. Kongen og kulturministeren gjer stundom gode forsøk, men dagsforma og tankekrafta bak taleskrivarane kan tydeleg variera.

Då kongen tala om gamle og nye nordmenn som «alt og ingenting, alle og Allah» på ein hagefest, var det mange kulturprogressive - og relativistar som hylla han, medan kristne og konservative steila. Han var meir på jorda att veka etterpå, då han på eigen kjøl, spontant, sa at «vi kan da ikke ta halve Afrika hit.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den danske dronninga har vore fastare i klypa heile tida. «Nei, liker de seg ikke her, er ikke Danmark stedet for dem.»

Går det an å leite fram nokre enkle og eintydige ord – som meir enn andre – kan inngå i det byggverket me vil kalle norsk kultur?

For min del vil eg lyfte fram dei tre orda i overskrifta, eventuelt med eit utfyllande adjektiv, og me får:opplyst kristendom sunt bondevett glad patriotisme

Etter mitt syn er dette ei suksessoppskrift for eit samfunn med frie, sjølvstendige menneske og store samlande prestasjonar. I kristendomen ligg verdigrunnlaget for samfunnet, menneskesynet med eigenverd og omsut for alle. I bondevettet ligg eigedomsretten, rasjonell tenking, økonomisk oppdrift og personleg forvaltaransvar. I patriotismen ligg kjærleiken til fedrelandet, den norske fellesskapen, historia, konkurranseinstinktet og gleda over norske prestasjonar.

Det er bra når det dukkar fram andre røyster i ordskiftet. Den nye forsvarssjefen, general Eirik Kristoffersen, uttalar seg utan blygsel til media om kven me er og kva me står for: «Norsk kultur er kristne verdier blandet med sunt, norsk bondevett.»

Bravo!

Ofte blir det pinleg når offentlege personar og kjendisar skal uttala seg om kultur og nye landsmenn; det gjeld visst å seia noko «festleg.» Kvar gong spørsmålet kjem, «hva er det beste med norsk kultur?» kjem regla om kjøtkaker, lutefisk, Blå Swix og Birkebeiner’n.

Men ein nasjonal kultur er noko meir; han speglar breidda i dei tre l’ane: livsgrunnlag, livsform og levemåte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tida er inne for å ta fatt i meir avgjerande problem enn skismurning og after-ski. Ser ein framover, er det no eit ope spørsmål om folkehopen i denne nasjonen lenger har styrken til å stå oppreist når motbøren snart melder seg med større styrke? Er me blitt bortskjemde? Har kravmentaliteten teke overhand?

Skal me sige ned på baken og vente at staten skal måtte ordne opp for oss alle på stadig nye område? Kor lenge skal me innbille oss at velferdsstaten veks inn i himmelen? Skal livslykka ordnast gjennom skattesetelen? Er gangsynet og rasjonell tenking overteke av flimrande videosnuttar og emosjonar? Har me motstandskraft og evne til å verja landet når det atter blir truga? Har me vilje til å slåss mot nye religionar og totalitære tankebygningar på veg inn i landet?

Det går føre seg ein åndskamp, men eg kjenner ingen folkevald eller biskop som brukar ordet.

Målet må vera at også dei neste generasjonane kan få oppleva eit land som er attkjennande. Ingen har hittil greidd å seia dette betre enn Ivar Aasen:

Lat det merkast meir enn i ordi at me halda den arven i stand, at når fedrane sjå att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land.