Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Venstresida mellom demokrati og diktatur

I vår tid er alliansen mellom venstresida, den akademiske palestinismen og det ekstreme islam påfallande.

Aldri før er det gitt ut ei bok som tek for seg korleis den norske venstresida stadig viklar seg inn i antidemokratiske og totalitære krefter, basert på ideologiar som i sin konsekvens fører inn i diktaturet.

Det er skrivi mange og viktige bøker om korleis den norske høgresida har flørta med antidemokratiske idear eit par tiår i mellomkrigstida. Men ikkje før no har me fått eit bokverk – Revolusjonens barn – som med aktuelt kjeldemateriale påviser venstresida si tukling med diktatur, totalitære tankegangar og praksis – heilt frå 1911 til i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Boka, som er ført i pennen av historikarane Frode Fanebust og Torgrim Titlestad, med Stephane Courtois og Antonio Elorza på laget, er mønstergyldig redigert. Ho er elegant kritisk til aktørar og interessentar på den norske venstresida, som ser ut til å vera evig lettlurte, slik dei i hundre år har omfamna utopiar både her heime og internasjonalt.

Det er ikkje mange i dag som kjenner til korleis Lenin og Stalins virke førte til intens maktkamp i Arbeiderpartiet, med sterke grupperingar som lenge tala revolusjonens sak i Noreg.

Korleis kunne Arbeiderpartiet, med sin norske demokratiske bakgrunn, gå inn i ein så brutal verdsorganisasjon som Komintern? Dei revolusjonære omveltingane i Russland i 1917 skapte ivrige tilhengarar i Noreg. I fleire tiår trudde dei på propagandaen som fortalde at det var arbeidarane som styrte den nye sovjetstaten.

Arbeiderpartiet vart jamvel ein aktiv pådrivar for den kommunistiske revolusjonens utanrikspolitiske interesser; gjennom justisminister Trygve Lie hjelpte landet til å få teke livet av Trotsky i hans eksil i Mexico. Propagandamateriell kom i svære lass frå Murmansk via Vardø, vidare til Oslo, saman med pengar og verdisaker. Seinare statsminister Einar Gerhardsen smugla smaragdar på tuber (!), og emna seg til «vordende folkekommisær i sovjetrepublikken Norge».

Ei anna lite kjend soge er den om Norges Kommunistiske Parti – som svinga seg opp frå 0.3 prosent av veljarane i 1936 til opp mot 15 prosent i 1947. Radikal-utopiske visjonar har alltid hatt sine klientgrupper i Noreg. Boka leverer interessante liner rundt oppstarten og utviklinga av SF, SV, SUF, Rød Front, KUL, AKP m-l, Rød Valgallianse, Rødt, pluss frontorganisasjonar og fleire NGO-ar infiltrert med sosialistisk tankegods. På plakatane er det demokrati; i botnen ligg Marx og Marcuse.

Det merkelege og gjennomgåande er at så mange unge og eldre så ofte tek side med diktaturet og dei verste despotane me har sett i nyare tid – Stalin og Mao Tse Tung – som i massedrap og utryddingar får Hitler til å bli ein smågut. I dag sit mange av desse oppvarta svermarane frå studenttida i høge posisjonar i norsk samfunnsliv utan at dei enno har bede om orsaking for sine villfaringar.

Trass i Gerhardsens nyorientering og norsk NATO-medlemskap frå 1949 var det mange på venstresida som heldt med Sovjetunionen mot USA og den frie verda heilt fram til Murens fall i 1989 og sovjetkommunismens samanbrot like etter.

Men då kommunismen gjekk ned som sola bak horisonten, oppstod eit vakuum for venstreorienterte med lengt etter det totalitære. Det fann dei i den nye religionen på 1990-talet, multikulturalismen, og ikkje minst islamismen som har skote fart i dette hundreåret. Sistnemnde har brodd mot kapitalismen, kolonialismen, imperialismen, vestleg sivilisasjon, modernismen, og meir spesifikt mot kristne, USA, jødar, og staten Israel – og passar perfekt inn i ein marxistisk forklaringsmodell.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kommunisme, sosialisme, fascisme og islamisme er ideologiske slektningar med samanfallande karakteristika. Dei er visjonsfylte, like militante, kommanderande, sensurerande, manipulerande, like menneskeundertrykkande, men, heldigvis, ikkje heilt like ille når det gjeld bruk av vald, terror og straffemetodar. Å nekte for indre samanhengar mellom desse ideologiane er akkurat like dumt som å seia at islamisme ikkje har noko med islam å gjera.

I vår tid er alliansen mellom venstresida, den akademiske palestinismen og det ekstreme islam påfallande. Er det eit førebels høgdepunkt å sjå korleis sosialistar og sosialdemokratar omfamnar den reaksjonære islamske fascismen?