«Ved valet til hausten har ti av elleve fylkesparti i Senterpartiet ikkje bestemt seg om dei lokalt vil samarbeide til venstre eller høgre», skriv Hallgrim Berg. Her er Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix

Senterpartiet sentralt i 2021?

Er det vilje, er det veg for å få til ein trygg ikkje-sosialistisk ­valsiger og ­tilhøyrande fleirtalsregjering i 2021.

Det er så dumt at politikarane alltid skal forstørre motsetnadene mellom seg. Nærskylde politiske parti burde tala meir saman, slik at dei kan få større samla gjennomslag for ideane og verdiane sine.

Sjå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Framstegspartiet. No er to av dei endeleg i regjering. Det var visst eit sant slit å få det til! Utan Høgre og Erna som balanserande tyngdepunkt hadde det ikkje gått.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved valet til hausten har ti av elleve fylkesparti i Senterpartiet ikkje bestemt seg om dei lokalt vil samarbeide til venstre eller høgre. Fagforbundet i LO prøver å presse lokallaga i partiet til venstre med å lova ein drusteleg pengesekk til partiet sentralt.

Eg har alltid meint at dei som eig og driv jorda i landet bør vera i samarbeid med dei som eig og driv bedriftene. Sagt på ein annan måte: Dei som ivrar mest for entreprenørskap og personleg næringsdrift, med innsatsvilje som middel og verdiskaping som mål, bør vera på den same sida i politikken.

Svært mange i Senterpartiet er skeptisk til å gå i regjering med sosialistar. Partiet vil definitivt ikkje trivast i ein parlamentarisk situasjon med politisk utpressing frå kommunistar og miljøfantastar.

Her heime er ikkje Frp lenger «spedalsk», slik Sverigedemokratarna framleis er det i delar av det svenske samfunnet, på grunn av kulturradikal og marxistisk dominans i åndsliv og intellektuelle miljø. Etter mitt syn er det direkte udemokratisk å ville utelata ein fem- eller seksdel av folket frå normal sosial og politisk omgang.

Høyrer Senterpartiet i dag til på rett side når det er tale om regjeringsalternativ? Senterpartiet er eit nasjonalkonservativt parti. Dei vil ikkje ha sosialisme, korkje av sovjetisk, cubansk, venezuelansk eller annan modell.

Veljarane på grasrota – i opptil fleire landslutar – er like lite sosialistar som andre parti på høgresida. Tek me ein titt på grunnsyn, programpostar og utbreidde haldningar, er det mange stridsspørsmål som fell godt i hop mellom «ytterpartia» Sp og Frp.

Begge vil:

– byggje samfunnet nedanfrå – i kjent kristendemokratisk tradisjon – og såleis ikkje støtte ein samfunnsmodell med statleg overstyring og byråkratisk fjerndirigering av eigedomsrett, familiar og lokalsamfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– utvikle vår nasjonale sjølvråderett, med eit klårt nei til medlemskap i Europaunionen.

– bremse globaliseringa og sjå på nasjonalstaten som den største eininga det er mogleg å oppnå folkeleg lojalitet til.

– ha desentralisert avgjerdsrett i arealpolitikken, med større vekt på grunneigarane og kommunen sitt syn enn på departementet og fylkesmannen.

– innrømme grunneigarane eigedomsrett i skog og utmark, men også hevde disposisjonsretten, for eigedomsrett utan råderett er lite verdt.

– prioritere samferdsel, byggje veg- og banetilbodet vidare ut, for lettare å kunne ta meir av landet i bruk, styrke næringslivet og utvikle busetnaden. – ikkje ha meir avgifter enn naudsynt, få ned prisane på drivstoff, redusere talet på bomstasjonar og senke satsane.

– ikkje halde ap med Grunnlova sin paragraf om næringsfridom, men styrke all aktivitet som held oppe viktige arbeidsplassar i distrikta, til dømes pelsdyrnæringa.

– vera positive til liv og røre på bygdene, fremja eit variert, folkeleg kultur- og festliv, sjå positivt på snøskuter- og motorsport.

– ta våre plikter i NATO på fullt alvor, tala Forsvarets sak, inkludert Heimevernet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– ikkje anerkjenne «Palestina» som eigen stat før den palestinske leiarskapen anerkjenner og respekterer Israel og jødefolkets leverett.

– få slutt på norske bidrag som går til palestinske terroristar, og slå hardt ned på ekstremistisk terror og gjengkriminalitet.

– føre ein rasjonell asyl- og innvandringspolitikk, ta inn færre kvoteflyktningar, og oppnå langt betre resultat for dei mange ved å bruke meir av pengane i nærområda ute.

– få slutt på hetsen mot jordbruket og bøndene fordi «de lager så enorme klimaavtrykk med dette dyreholdet sitt…»

– revidere rovdyrpolitikken: «Ja til sau, nei til ulv!»

Lista kan gjerast lengre. Er det vilje, er det veg for å få til ein trygg ikkje-sosialistisk valsiger og tilhøyrande fleirtalsregjering i 2021. Senterpartiet kan bli nøkkelen.

Då må Høgre og Frp sjølvsagt ta til seg klagemål om unødig sentralisering, gjera justeringar i ein del reformer, og stelle fint med bøndene i jordbruksoppgjera.

Utan tvil: Den nye optimismen i landbruket og distrikta kan forsterkast. Borgarlege regjeringar er bra for næringslivet og kulturtradisjonane i bygd og by, inkludert den kristne kulturarven.