Kjemp for livet!

Norsk misjon har i alle år stått i fremste rekke i kampen for livet.

Å kjempa for å berga liv er heilt sentralt i den kristne trua. Jesus kom for å frelsa oss ved å gje livet sitt for oss. Han sa at han kom for å gje liv og liv i overflod, medan fienden berre vil stela, myrda og øydeleggja.

Dødskreftene har kasta lange mørke skuggar over menneskesoga i tusenar av år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Baaldyrkarane i Kanaan ofra barn til guden sin og dette gjorde Guds folk slutt på. Våre forfedrar sette uønska barn ut i skogen for å døy, men då kristen misjon fekk gjennomslag i samfunnet vart denne inhumane skikken avskaffa.

Då evangeliet kom til India, var enkebrenning, der enka vart brend levande saman med sin avdøde mann, ein vanleg skikk. Kristen tankegang sette ein stoppar for denne uhyrlege skikken. Det finst mange fleire eksempel på korleis kristen misjon engasjerer seg i samfunnet og fremjer liv og likeverd.

Denne våren står venstrepartia i landet vårt i kø for å utvida retten til sjølvbestemt abort. Forslaget om å utvida retten til å ta liv av barn i mors mage til veke 22 i svangerskapet er både uetisk og grotesk. Egg i eit fuglereir har større rettsvern enn ufødde barn.

I abortkampen på syttitalet sa dei som kjempa for sjølvbestemt abort at fosteret berre var ein celleklump. I dag veit vi alle betre, for vi får sjå bilete av desse små barna i mors mage. Eit barn på 22 veker er heilt på grensa av å kunna overleva ein fødsel.

Nokre legar kjempar for å berga livet for desse premature barna, medan no skal legar påleggjast å ta livet av slike små barn som har rett til liv. Denne forferdelege dødskulturen må stansast. Vi må kjempa for livet.

Vi har lenge sagt at Noreg er eit kristent land, men det er vanskeleg å sjå at det er rett. Heidenskap, gudløyse og umoral grip om seg. Det Guds ord seier er synd og styggedom, blir hylla som noko flott og til og med akseptert av statskyrkja.

Dei øydeleggjande dødskreftene får meir og meir makt i samfunnet. Aldri har fleire unge menneske slite med psykiske problem, og aldri før har sjølvmordprosenten vore høgare. Velstanden har heller aldri vore større, men det ser ikkje ut til å hjelpa på den psykiske helsa. Folk har alt som kan kjøpast for pengar, men manglar det viktigaste: trua og håpet som berre Jesus kan gje.

I år feirar vi Haugejubileum. Det er 250 år sidan han vart fødd. Han dreiv misjon i sitt eige land. Kyrkja og staten forfølgde han, men det han stod for fekk likevel gjennomslag og endra nasjonen vår. No er det vi som må driva misjon i vårt eige land. No er vår tur til å kjempa for livet og lyset og motarbeida dei mørke kreftene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi må rekna med motstand og forfølging. Vi vil få mange skuldingar retta mot oss, men vi vil vinna, for livet er sterkare enn døden. Det har Jesus bevist for oss gjennom sin død og si oppstode.

Kjemp for livet! Forkynn evangeliet om nåde og tilgjeving. Stå opp for retten til liv. Forsvar dei svake og hjelpelause. Kjemp for menneskeverdet. Lat alle få høyra at dei er menneske, skapte i Guds bilete, og at dei elska av Gud.

Livet og kjærleiken er det største vi har. Det er verdt å kjempa for.

Les også
Katolske biskoper vil gi president Joe Biden abort-ultimatum
Les også
Abortsaken splitter folket i fersk TV 2-måling
Les også
Tvillingene var under 2000 gram til sammen da de ble født