Korleis vert det med smittevern og kristentru framover?

Stengte kyrkjer, er det eit problem? Har restriksjonar på å kunna møtast til gudstenester, vist kor sårbar kyrkja er? Gjennom år har vi sett ei sterk reduksjon av talet på kristne som samlast.

Å vere til gudsteneste er eit synleg teikn på, og eit levande vitnemål om, at vi trur på Gud. På mange stader er dei som samlast til gudsteneste få, men for dei som kjem saman, er dette likevel livsviktige samlingar, kor vi høyrer ordet, bed, vedkjenner og er eit trusfellesskap.

Bjørgvin bispedømme har denne strategiformuleringa for det kyrkja skal vere og arbeide for: Saman vil vi ære Den treeinige Gud!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kyrkja kunne i koronaåret ikkje samle fleire enn 10 personar +. Vi avlyste gudstenester og barne- og ungdomsopplegg. Samfunnet sa at dei prioriterte barn og unge, men det gjaldt ikkje oss, våre store kyrkjebygg eller omsynet til vårt barne- og ungdomsarbeid. I Bremanger har vi sendt ut materiell fleire gonger til alle barn i posten.

Kyrkjene blei oppførte med små ressursar og med mykje slit. Korleis forvaltar vi kristenarven vår? Kyrkjehus står ubrukte, dei fleste bygga rotnar på rot. Kyrkja er ikkje lenger ei statskyrkje, men samfunnet har det økonomiske ansvaret for å drift og vedlikehalda kyrkja.

Ordførarar og kyrkjeverjer spør seg om korleis dette kjem til å bli når økonomiske rammene ikkje strekk til.

Vi har lite bruk for kyrkjebygga våre. Klarer oss utan Gud? Ser vi kva situasjonen våre kristne lokalfellesskap er i? Kva betyr det å leva med Jesus som frelsar og konge?

Les også
Arrangerer bønnevandring i bil
Les også
Pandemien har avslørt hva samfunnet verdsetter høyest