FAMILIE: I dette hensynslause jaget mot større hus, fleire hytter og biler har vi då altså oppdaga at barn blir en byrde som vi kan like gjerne velgje vekk, skriv Knut Erlend Rosvold.

Familien i hedonismens tid

Om vi er aldri så lykkelige så ønskjer vi altså ikkje å dele denne lukka med fleire. Er vi då i så lukkelige som vi trur vi er?

Det var med vantru eg såg ein reklame frå Nordea. Reklamen viser ei dame som går i ein møbelbutikk og mannen seier lettsindig medan dei ser på borna som leiker og spring mellom møblane «vi skulle ikkje fått ein til da?»

Kona reflekterer over dette og smiler for seg sjølv, men brått får ho i ein visjon moglegheit til å snakke med seg sjølv i framtida. Ho blir advara av den eldre utgåve av seg sjølv som seier til ho «to er nok»!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Da kvinna spør om kvifor. Så sei dama frå framtida. «bare stol på meg, og forresten boost pensjonen din». Dersom dei som laga denne reklamen gjorde ei grundig kulturanalyse før dei laga filmen, kva seier det om oss som samfunn og kva syn vi har på barn og familie?

Pengar gjev lukke, ikkje born. Veldig triste greier. Det denne dama frå framtida seier er faktisk, satt på spissen: kan du sørgje for at den yngste av mine born aldri blir født, livet mitt hadde vert mye betre utan, eg hadde for lite pengar. Kva mor kan sei noko slikt? Tragisk, nitrist kapitalisme og hedonisme.

Erna Solberg måtte tåle mykje kommentarar etter sin nyttårstale der ho oppmoda heile Norge til å få fleire barn. Nylig fekk dette merksemd i fyrstesideoppslag på nrk.no og temaet aktualiserast med jamne mellomrom. For vi har et enormt problem nokre år fram i tid dersom det ikkje vert endring i fødselstala.

Det største systematiske sjukdomsteiknet ein sivilisasjon kan ha er når folket ikkje ønsker fleire born. Då er det noko som har gått galt. Vi er faktisk på veg mot ei langsiktig sjølvutsletting. Vi skal dø ut og forsvinne frå jorda, vi som er frå her nord.

Vi har klora oss fast i 10.000 år under alle slags forhold, men akkurat no lagar vi oss eit samfunn som faktisk går i heilt feil retning. Om nokre år skyller realitetane over oss i form av ei enorm eldrebølge som det ikkje finnes politiske svar på og som vi bare så vidt aner dimensjonane av.

Om vi er aldri så lykkelige så ønskjer vi altså ikkje å dele denne lukka med fleire. Er vi då i så lukkelige som vi trur vi er?

Eg trur at i vårt samfunn må den aukande grada av institusjonalisering ta si del av skulda. Der vi har gått i frå å lære kristendom, lesing og litt matematikk på skulen. Til å skulle lære borna absolutt alt dei treng i livet på alle områder.

Til og med skal dei lære å oppføre seg, skulen har i stor grad tatt over rolla med å oppdra, og tatt over familiens naturlege læringsarena. Dette ofte for øvrig til stor frustrasjon og utfordring for lærarar som kjenner seg makteslause i klasseromma. Det er ikkje enkelt å være oppdragar for 20 barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er veldig gode intensjonar bak den skulefilosofien vi har, den viktigaste verdien bak er kanskje likskap og likeverd, men det er og ein kapitalistisk produksjon og sysselsetting som er ein drivar for dette systemet. Både mor og far skal i jobb og bli ein nyttig skatteytar. Stadig auka materiell velstand skal være triggaren eller gulrota som får oss til å gå med på dette vanvittige kappløpet. Men i dette hensynslause jaget mot større hus, fleire hytter og biler har vi då altså oppdaga at barn blir en byrde som vi kan like gjerne velgje vekk.

Når vi vel å i så stor grad institusjonalisere barn frå ung alder, får dei svært lite familietid. Vi lager eit samfunn der vi i stor grad held borna vekk frå sin naturlege familiære kontekst og læringsarena.

Ein konsekvens av dette er at behovet for å stifte eigen familie vert mindre for dei som veks opp slik. Familien blir opplevd som eit hinder til å få oppfylt sine eigne ynskjer til fritidsaktiviteter og til materielle godar. Fordi at det meste av det me gjer som er kjekt i oppveksten skjer utanfor familien, så vert færre av dei gode opplevingane assosiert med familie og vi får mindre behov for å reprodusere denne sosiale settinga for neste generasjon.

Det er jo nettopp gjennom mykje familietid at eit ynskje om å ein gong sjølv få stifta familie vert til. Vi ser det igjen og igjen. Dei som sjølv kjem frå store familiar ynskjer ofte sjølv ein stor familie. Det går litt i arv å ha stor familie, og dette er heilt klart meir sosiologisk betinga en fysiologisk.

Dersom ein skal til de grader institusjonalisere borna bør ein kanksje då stille seg spørsmålet om ein ikkje like gjerne bør institusjonalisere unnfangelsen også? Kanskje nokre kan ha det som eit arbeid å føde barn? Staten kan betale for dette, det vil nok være svært lønnsamt. Om det skjer i ordna former kunne det kanskje ha blitt betre en det utdaterte forelda konseptet «familie»? Barseltid osb. kunne vel profesjonelle sjukepleiarar har gjort betre enn mødre?

Oppsedinga kunne profesjonelle psykologar, pedagogar, sosionomar og vernepleiarar ta seg av. Så er det rett inn i barnehage når de er eit år og vidare i skule. Vi kjører på med fotball-lag og masse fritidsaktiviteter. Det er svært liten sjanse for at borna ein gong kjem til å ha tid til å tenke over om dei savner mor, far eller dinosauren «familie».

Sjølvsagt er tanken ekstremt langt borte fra vårt politiske landskap. Heldigvis. For sjølv om institusjonar kan ta over mange av familiens naturlige funksjoner, så er det ingen som ser for seg at institusjonane skal ta over reproduksjon. Men om vi aldri skal dit, då er og familien livsviktig, bokstavelig talt, for at vi skal ha eit bærekraftig samfunn om nokre år. Familien må dyrkast som eit samfunns konsept igjen, for det er her fundamentet for eit bærekraftig samfunn vert lagd, dette er grunnsteinen som velferdsstaten er tufta på.

Svaret på å få opp fødselstallene er derfor ikkje meire og rimelegare SFO og meire barnehage og ulike gratis fritidstilbod. Det er nettopp denne kraftige reduksjonen av familietid som har resultert i ei befolkning som i mindre grad ser familien som viktig for dei. Alle dei gode opplevingane i oppveksten har dei fått med vener på skulen og på fritidsaktiviteter utafor familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me lyt derfor gje rom for familien, tid for familien, prioritet til familien. Me må relansera familien som ein læringsarena i samspel med skulen og ein stad for å bli forberedt til livet. Me lyt og sørgje for at færre familiar går i oppløysing og at det er gode tilbod for å få hjelp når det røyner på i samlivet. Dette er KrF-politikk på sit beste, dette er svaret ditt, Erna, for auka reproduksjon.

Styrka familiar med tid saman er velferdsstatens einaste reelle håp for å snu trenden med færre fødslar. Eit varmare samfunn der me ynkjer å ha mange småbeinte rundt oss og der lykkekjensla og læringa berre familieliv kan gje vert gjennoppdaga av folk flest.

Les også
Forsker tror ikke norske kvinner vil innfri Solbergs ønske om flere barn
Les også
Historisk lave aborttall i Norge
Les også
Barnet i mors mage er verneverdig