LIVSSYNSOPE SAMFUNN: KrF ønske å ha eit samfunn der ulike trus-og livssynstradisjonar fritt kan kome til uttrykk, eit livssynsope samfunn der tru og livssyn har ein naturleg plass, skriv Anne Kristin Bruns (bildet), Henrik Halleland og Marie Ljones Brekke.

Når kristne lag blir mistenkeleggjort

Vi bør halde oss for gode til å setje trusfridom opp mot andre menneskerettar.

I ulike media har temaet om støtte til kristne barne- og ungdomsorganisasjonar både blitt omtalt og diskutert, og siste utspelet til Stavanger Ap om å kutte statleg støtte til religiøse friskular føyer seg også inn i denne debatten.

I denne debatten rører vi med mange fasettar av omgrepet trusfridom i eit livssynsope samfunn. Korleis har vi kome hit?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korleis kan ein i eit mangfaldig og internasjonal kommune som Stavanger, med visjonen «Vi bygger fellesskap», utelukke at enkelte fellesskap skal få tildelt økonomisk støtte? Vil det berre vere dei fellesskapa som blir oppfatta som «politisk korrekte» som skal få?

KrF meiner at vi må vise respekt for alle typer tru. Det er heile fundamentet til eit raust og inkluderande samfunn.

Artikkel 18 i FNs verdserklæring om menneskerettar står det mellom anna at kvar enkelt har «frihet til enten alene eller saman med andre, og offentlig eller privat, gi uttrykk for sin religion eller tro gjennom undervisning, utøvelse, tilbedelse og ritualer».

Denne rett er trusfridom. Vi har rett til å utøve vår tru i det offentlige rom. Det livssynsåpne samfunnet utfordrer den rådande haldninga om at trua er ei privat sak eller ei meining.

Å snakke om tru i det offentlege rom kan for mange vere utfordrande. Særleg når ein møter argument med at det ikkje er relevant, blir latterliggjort eller at ein kan gjerne tru, men hald den for deg sjølv.

Då kan ein oppleve at det er vanskeleg å starte ein samtale, også når ein har mange spørsmål knytta til nettopp det å tru. I det sekulære samfunnet vi er ein del av, kjenner mange av oss på ei utfordring nettopp på dette området.

Etter ein litt uhøgtidleg samtale over ei kopp kaffi med ein nabo, blei det naturleg å snakke med henne om tru. Ho konkluderte med at det var så få arenaer der det er naturleg å stille opne spørsmål, undre seg saman og snakke om tru. Ho skulle ønske at det var meir naturleg. Ho visste at ho kunne ringe ein prest eller ein annan religiøs leiar, men det var eit stort skritt.

To konfirmanter uttrykte nyleg at det var så spennande og kjekt med konfirmantundervisninga i kyrkja, fordi der kunne ein snakke om sider ved liv og tru som det ikkje var like lett å snakke om elles.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korleis kan vi gjere desse samtalene meir tilgjengeleg for oss alle?

Vi som trur må dele ansvaret for dette. Kanskje er vi redde for å bli trakka på eller ikkje klare å formidle trua på ein god måte. Samstundes må vi jobbe med dette på eit samfunnsnivå. KrF ønske å ha eit samfunn der ulike trus-og livssynstradisjonar fritt kan kome til uttrykk, eit livsynsope samfunn der tru og livssyn har ein naturleg plass.

Difor er det ei glede at KrF i regjering bidro til ei ny lov om trussamfunn som vart vedteke ved nyttår. Denne lova forutset ei openheit om indre forhold. Det er viktig for medlemmane, men også for legitimiteten til tilskotsordningane innan tru- og livssynsfeltet, og tilliten til at midlane blir brukt på ein god måte.

Både i Klepp og Stavanger kommune har vi i det siste tida hatt fleire saker som omhandla tildelingsmidlar til kristne lag og organisasjonar. I Klepp kommune stiller administrasjonen krav til organsisasjoner som kan innebære at dei må velge styremedlemmer som ikkje dele deira tru og verdiar.

I Stavanger har vi ein lang tradisjon om å styrke det frivillige arbeidet og ikkje styre det, men det nye fleirtalet ønsker no ei skjerping av krava til støtte. Dei bed kommunedirektøren vurdere om det er grunnlag for nye reglar for tildeling.

Dette vitnar om ei mistenkeleggjering av kristne lag og organsisasjonar.

Desse forslaga vitnar ikkje berre om mangel på kunnskap om kristne organisasjonar, men representerer også ein reell trussel om trusfridom i Noreg, skriv leiaren i Vårt Land 14. januar, 2021.

KrF meiner at vi som politikarar bør halde oss for gode til å setje trusfridom opp mot andre menneskerettar på ein slik måte. Det skaper unødvendig avstand mellom storsamfunnet og religiøse organisasjonar og gjev eit inntrykk av at noko si tru ikkje er velkomen i storsamfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den internasjonale kristne Lausanne-rørsla slo fast at «vi må skjelne mellom det å kjempe for rettighetene til mennesker med en annen tro, og det å godta sannheten i det de tror på. VI kan forsvare andres frihet til å tro og praktisere sin religion utan å akseptere deres religion som sann.»

Politikarar argumenterer mot å bruke skattebetalarane sine penger på å støtte religiøst arbeid. Dei må samtidig forstå at skattebetalarane er like mangfaldige som kommunen er. Vi veit at mange gladeleg ville brukt skattepengane sine på nettopp slike tiltak for barn og unge.

Som politikarar er vi ombudsmenn for alle innbyggjarane i våre kommune. Det ansvaret må vege tungt når vi mellom anna diskutere tilskotsordningar for barne- og ungdommar i vår kommune, friskular si rolle i utdanningssystemet.

Anne Kristin Bruns, Henrik Halleland, Marie Ljones Brekke, kommunestyrerepresentanter for KrF i Stavanger

Les også
Det privatiserte verdifellesskapet Stavanger kommune
Les også
Ordføreren bør beklage
Les også
Politikere som påfører utenforskap