FORTVILT SITUASJON: Emanuel Youkhana er fortvilt over passive vestlege regjeringar. Han er også fortvilt over at svært mange irakiske kristne som har drege frå landet, heller vil hjelpa andre kristne til å koma etter, enn til å bli i Irak.

Kristne i Irak er svikta

I den irakiske storbyen Mosul har kyrkjeklokkene ikkje ringt inn til jul sidan 2013, året før IS-terroristane overtok byen. Dei få attverande kristne i Irak kjenner seg svikta.

I 2000 år har den kristne kyrkja vore i Irak, heilt sidan apostlane si tid. Dette er ikkje ei kyrkje etablert av kristen misjon. Gjennom hundreåra har det vore mange blodige påkjenningar.

Men på 90-talet var det framleis langt over ein million kristne i Irak. Så kom den amerikanske invasjonen i 2003. Eit heilt land kollapsa. Alle tok makta i eigne hender, det blei borgarkrig i 2006. Det nye sjia-regimet, innsett av USA, gjorde ingenting for å skapa forståing med sunniane som var fjerna frå makta dei hadde under Saddam Hussein. Den sekteriske konflikten som hadde gått gjennom hundreåra, blomstra opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Minoritetane kom i ny blodig klemme. Kristne kjende seg angripne og truga, og utvandringa skaut fart. I 2014 kom så IS som drap og jaga både kristne og jesidiar på ny flukt – ut av landet og til den sjølvstyrte kurdiske regionen i Nord-Irak.

Dei attverande kristne i Irak, kanskje berre 200.000, er i åra etterpå blitt svikta av Vesten og utvandra irakiske kristne. Det seier Emanuel Youkhana i eit videointervju eg hadde med han før jul. Han fryktar at det kristne nærværet i Irak snart er borte.

Mosul var hovudstad for forfedrane hans og heimbyen til profeten Jona. Oldtidsbyen Ninive låg omlag der Mosul ligg. Etter at IS øydela gudshus og tømde byen for kristne i 2014, har kyrkjeklokkene i byen vore stille.

Frå Duhuk, den nordlegaste byen i den kurdiske regionen, kjenner Youkhana smerta frå Mosul. Og han kjenner smerta frå Istanbul i Tyrkia. Der vart Hagia Sofia og Chora, begge bygde som kyrkjer i det kristne verdsriket Bysants på 500-talet, gjorde til moskear i sommar.

Dei vart begge gjorde til moskear i 1453 då muslimane med sverd overtok Bysants og Konstantinopel (dagens Istanbul). Så blei begge symbolbygga på 1930-talet gjorde til museum over ei kristen og muslimsk fortid. Inntil president Erdogan, som styrer Tyrkia i nasjonalistisk, islamistisk og autoritær retning, i sommar opna bygga for muslimsk fredagsbøn. Det sende sterke signal til omverda. Det smerta også Emanuel Youkhana i Irak. Vi vil, seier han, ikkje at det same skal skje med kyrkjene våre. Men det hastar med handling.

På spørsmål om kva vi kan gjera, seier han: «Vi som trur, må ikkje undervurdera krafta i bøn». Han oppmodar om bøn for kristne i Irak. Om bøn for alle som vert forfølgde verda over. Og han vil vi skal be om fred.

Han oppmodar oss også til å fortelja folk at kristendomen har røtene sine i Det heilage landet, Palestina, Syria og Irak. «Dersom dette området berre blir eit museum for kristentrua, er det eit tap ikkje berre for kyrkja, men for heile menneskeslekta.» Seier Youkhana.

Youkhana er fortvilt over passive vestlege regjeringar. Han er også fortvilt over at svært mange irakiske kristne som har drege frå landet, heller vil hjelpa andre kristne til å koma etter, enn til å bli i Irak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Appellen hans rammar også den norske debatten om å hjelpa kristne på flukt. Mange stader er det minst like viktig å hjelpa kristne til å bli buande, for ikkje å tømma gamle kristne kjerneområde, for kristne.

Håp er konkret . Youkhana er også fortvilt over manglande rettsoppgjer i Irak etter IS-bestaliteten. Og han vil at Vesten skal leggja press på regjeringa i Irak slik at minoritetane blir verna.

Skulepensumet er i dag islamsk og fortel ingenting om dei kristne, sjølv om kristendomen kom til Irak lenge før islam.

Iraks kristne treng håp. Og som Youkhana seier: Håp er for kristne i Nord-Irak ikkje eit vakkert ord i ei bispepreike. Håpet vil berre verta skapt dersom hjelpa er konkret.

Arbeidsplassar vil gje håp. Helseteneste vil gje håp. Eit nytt skulepensum som gjev muslimar eit sant bilete av kristne og jesidiar, vil gje håp. Eit lovverk som gjev minoritetane borgarrettar, vil gje håp.

Unge kristne i Irak treng eit slikt håp, elles dreg dei også.

Eksistensiell trussel Youkhana kallar situasjonen for kristne i Irak ein «eksistensiell trussel». Men vi kan, legg han til, vera «hjelpelause, men aldri håplause». Eg bringar gjerne julehelsinga hans vidare til lesarane av Dagen:

«Det er bodskapen om Han som kom med fred. Jesusbarnet blei fødd i fattigdom, langt frå heime, slik mange barn blir i dagens Irak. Barnet blei flyktning før Han vende heim og skapte nytt fellesskap mellom oss og Gud.» Og som han legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristne trengst i Irak for å skapa håp og byggja bruer, i ei tid der dei fleste byggjer murar seg i mellom.

Vårt ansvar er å støtta dei.