BISPEMØTE: Gilje uttrykkjer si støtte til kvinner som han har opplevd som prestar og leiarar i kyrkja. Eg vonar han difor også kan setje seg inn i den sida av problematikken vi her drøftar som gjeld dei berørte kvinnene, skriv Olav Fykse Tveit. Biletet er få biskopane sin pressekonferanse i Trondheim fredag.

Både kvinner og menn er kalt til presteteneste i kyrkja

Bispemøtet har bygd sin konklusjon i saka om ordinasjon og kollegafellesskap på brei teologisk konsensus i store deler av Den norske kyrkja og den lutherske kyrkjefamilien.

Dette vedtaket står i ein solid teologisk tradisjon, felles for den lutherske samanhengen og mange andre kyrkjesamfunn. Den er bygd på studier og tolkning av bibeltekstane.

Dette har saman med vidare refleksjon over kyrkjas lære leidd fram til konklusjonen at både kvinner og menn er kalt til presteteneste i kyrkja. Dette kjenner Tarjei Gilje til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagen kjenner nok også til at den siste aktive biskop i kyrkja vår som endra syn på dette spørsmålet, var biskop Odd Bondevik, som kom fram til ein ny ståstad, nettopp etter eit fornya bibelstudium.

Det er urimeleg å samanlikne, slik Tarjei Gilje gjer, spørsmålet om reservasjonsrett for legar i abortspørsmålet med ønsket om å ikkje måtte samarbeide med ei kvinne som er ordinert til prest. Det er vesensforskjell på desse sakene.

Det har heller aldri vore ein rettighet å avstå frå samarbeid i kyrkja, sjølv om det til dels har vore akseptert i lys av Presteforeningen sine køyrereglar. Ein kan framleis ha si meining, men kan ikkje bestemme sjølv korleis den skal omsetjast i praksis.

Det er riktig – og viktig – at biskopane no rettar fokuset på den mogelege skade ein slik uformell reservasjonspraksis har volda for kvinnene som er ordinerte til presteteneste. Det er mange som sit med vonde opplevingar og minner knytt til å ikkje bli anerkjent, og i ein del tilfelle i praksis boikotta, av nokre mannlege kollegaer.

Nokre av kvinnene har ikkje funne rom for å seie frå, andre har forsøkt å varsle og ikkje vorte høyrt. Andre har latt det passere for å unngå meir konflikt. Ein kvar som ikkje kjenner seg ønska av kollegaer, veit at uansett er det ei vanskeleg erfaring. Dette problemet har vore større enn vi har trudd.

Det er urimeleg at kvinnelege kollegaer framleis skal utsetjast for dette, då det er kyrkja som fellesskap og biskopane som har ordinert dei som har ansvaret for det. Mange mannlege kollegaer vil også beklage at kvinner har opplevd dette.

Gilje uttrykkjer si støtte til kvinner som han har opplevd som prestar og leiarar i kyrkja. Eg vonar han difor også kan setje seg inn i den sida av problematikken vi her drøftar som gjeld dei berørte kvinnene.

Bispemøtet har tatt tak i ei viktig sak for mange i kyrkja, og vi meiner at vi no har eit godt grunnlag for å gå vidare i eit samarbeid, der føresetnaden er grunnleggjande respekt for kvarandres kall og teneste.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Men hva sier Bibelen om prestetjenesten?
Les også
Bispemøtet strammer inn rundt kvinneprestmotstandere
Les også
Konservativ prest reagerer kraftig på biskopenes uttalelse