«Dei mange Fadervår-alternativa skulle vel ikkje vera eit problem når berre eitt av desse kjem opp på skjermen?» spør Egil Morland (biletet).

Tankar ved ein konfirmasjon

Når bruken av Fadervår er ute av skulen, etter at den forsvann frå heimen, er det i praksis ikkje plass lenger for – eller kunnskap om – Herrens bøn i folket vårt.

– Ingen bør oppleve å måtte lære mer enn én versjon av Fadervår i sin levetid!

Om lag slik ordla biskop Per Lønning seg i ein samtale vi hadde. Han hadde med seg «hellige vorde ditt navn» – første bøna i Fadervår – frå barnsbein av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så kom Prøveliturgi (1969) og Ny høgmesseliturgi (1977) med formuleringa «La ditt navn holdes hellig». Det positivt tvetydige ved «vorde» (nynorsk: helgast, både i 1920- og 1977-liturgien) forsvann då på bokmål, men vart til dels retta opp igjen i liturgien av 2011: «La navnet ditt helliges».

Alle desse formene er framleis valfrie i høgmessa. Dei som brukar nynorsk, kan såleis halda seg til eit Fadervår som i praksis har vore uendra i nøyaktig 100 år!

Det var sjølvsagt bøna sin posisjon i folket Lønning hadde omsut for. Apropos: Bøna heiter altså framleis «Fadervår» eller «Herrens bøn». Det er ikkje rett å seia, slik eg stundom har høyrt, at «no skal vi beVår Far», slik opningsorda lyder.

Desse tankane svirra gjennom hovudet mitt då eg førre søndagen hjelpte til med registrering av gjestar og korona-vasking av kyrkja mellom og etter konfirmasjonsgudstenestene.

Herrens bøn er alltid ein del av høgmesseliturgien i Den norske kyrkja. Men dei mange Fadervår-alternativa skulle vel ikkje vera eit problem når berre eitt av desse kjem opp på skjermen?

Kvifor vart det då så taust i forsamlinga? Vi må jo tru at rein innanattlesing er mulig for 2020-utgåva av konfirmantforeldre?

DersomFadervår igjen skal bli folkeeige, må vi til personleg andaktsliv og bøn velja éin versjon:Dette er mitt Fadervår! Det skal følgja meg gjennom livet. Den bøna vil eg gjerne døy med. Helst som det aller siste.

Etter tilfeldig – men seriøs! – forsking av personar og grupper med varierande avstand til regelmessig gudstenestefeiring, slær eg alarm. Få menneske i Noreg 2020 kan sittFadervår. Truleg fordi det ikkje erdeira!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Medan bruken av «berre»Fadervår tidlegare kunne bli sett på som uttrykk for eit upersonleg bøneliv, ja, mange stader sa ein at ein «las» og ikkje «ba» Fadervår, er det mitt inntrykk at dette no er snudd på hovudet.

Enkelte kan nok framleis meir enn sitt Fadervår (ein honnør i tidlegare tider!), men no ser det ut til at vi har rykt tilbake til start, slik at vi må spørja: Kan du dittFadervår?

Vi må heilt grunnleggjande seia til folk det same som Jesus lærte sveinane sine:Slik skal du be! Det beste med det rådet er at vi kan leggja til: - Når du bed slik, kan du ikkje be feil.

Vi skal ikkje bruka mangfaldet av versjonar til å orsaka at vi ikkje har ei personleg innleving i éin av desse. Tvert om.

For diverre: Når bruken av Fadervår er ute av skulen, etter at den forsvann frå heimen, er det i praksis ikkje plass lenger for – eller kunnskap om – Herrens bøn i folket vårt.

Eg har ikkje granska «liturgien» i frikyrkjer og andre forsamlingar. Men har eg rett når egtrur at Fadervår der ikkje ein gong er eit fast innslag?