HARAMSØY: Protestmarkering ved Haramsøy skole mot det planlagte vindkraftverket på Haramsøy.

Søv heile regjeringa?

Eller er det Høgre og statsministeren som har bestemt at det stadig sterkare folkeopprøret mot vindkraft skal ignorerast? Kvar er KrF oppi dette?

Sett utanfrå er det skuffande stille. Eg tolkar det som at det er viktigare for KrF å ta vare på posisjonar enn folk.

Det er sterke kapitalkrefter som har fått enkel tilgang til våre felles naturressursar. Dette skjer mot svært mange innbyggarar sin vilje, også i fleire tilfelle mot lokaldemokratiet sin vilje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det skjer i Agder, Rogaland, Vestland og vidare nordover langs heile kysten. I fleire områder der KrF tradisjonelt har stått sterkt. Likevel er det taust frå KrF sentralt.

Denne tausheita kan eg ikkje forstå i forhold til det eg trudde var KrF si omsorg for enkeltmenneske og mål om eit sterkt lokalt folkestyre. Ei heller i forhold til det KrF kallar forvaltaransvaret: Menneska sitt ansvar for å forvalte jorda på best mulig måte.

Utan å komme med detaljar, så er det ein del punkt som går igjen i vindkraftutbyggingar ifølge lokalbefolkning og fleire seriøse naturvernorganisasjonar: Brot på naturmangfaldslova, brot på forureiningslova, brot på fuglefreding, og ikkje minst brot på energilova og forvaltningslova.

Men når lovbrot blir påpeika eller anmeldt, så blir det avvist eller oversett. Når utbyggar ikkje har alt i orden som forutsatt i konsesjonane, får dei tilgjeving og løyver gjennom hastevedtak i NVE.

Då Stortinget vedtok ein gjennomgang av gitte vindkraftkonsesjonar, deriblant Haramsøya og Stadlandet, så burde regjeringa følgt opp dette på ein heilt anna måte enn dei har gjort til no.

Både olje- og energiministeren og miljøministeren går ut og forskotterer negativt svar på saker som er under gransking. Dette gir stor grunn til uro for om gjennomgangen er reell, eller eit reint forsvar av tidlegare vedtak.

Det verkar som Olje- og energidepartementet (OED) vil unngå å ta ansvar for det uføret dei har leda landet ut i. I staden vil dei presse lokale grupper til å ta sakene til retten med dei kostnadane det gir.

Det er i mine auge ei skam og eit nederlag for eit land som Noreg. Og det er ekstra skuffande at KrF, som skal vere på folket si side og som har brukt å stå opp for den svake parten, er heilt fråverande i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Medan OED ser ut for å trenere Stortinget sitt vedtak om gjennomgang av konsesjonane, får utbyggar halde fram med arbeidet. Dette opplever vi som står i det som ein stor urett og eit ran av vår felles naturarv.

Alt anleggsarbeidet burde vore stoppa umiddelbart.

Situasjonen kan samanliknast med å ha hatt innbrot. Det blir meldt, men i påvente av rettssak får vi ikkje eingong låse døra. Og den vi opplever som den kriminelle part kan gå inn og forsyne seg vidare – og det med vern av politiet.

Ved siste stortingsval stemte eg på KrF på grunn av dei grunnverdiane eg trudde var viktige for partiet. Når dei verdiane ikkje tel lenger, eller politikarane manglar mot til å hevde dei, så mister dei mi stemme.

Den går heller ikkje til dei andre regjeringspartia.