BERRE MENN: «Sjølv om samtids-religionane hadde rikeleg med kvinneleg presteskap, sette Jesus inn berre menn. Han hadde sine grunnar», meiner innsendaren. Illustrasjon: Adobe Stock

Kristendommen er patriarkalsk – vi kan ikkje like gjerne be «Moder vår»

C. S. Lewis skreiv at den kyrkja som startar å ordinere kvinner til presteembetet, vil snart begynne å kalle Gud mor. Det vil bli ein annan religion.

I likestillinga sitt namn er ordet «patriarkalsk» nærast utrydda frå kyrkjeleg ordbruk. Det er synd, for dermed misser vi innsikt i eit grunndrag i all kristendom.

Kristen tru startar med «Eg trur på Gud Fader, som skapte himmel og jord». Ordet «patriarkalsk» er samansett av orda for far» (pater) og for «opphav» (arché). Alt har sitt opphav i Faderen. Dette er felles for jødisk og kristen tenking.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er Faderen som har fødd Sonen, Jesus Kristus, og han er kjelda som Heilaganden utgår frå. Han har gitt namn til alt som heiter far i himmel og på jord. Og både Jesus Kristus og Heilaganden lærer oss å seie «Abba Fader».

Faderen er far for både den skapte og den uskapte verda. Denne farskapen er ikkje ein metafor, men realitet. Ikkje ein analogi, ikkje eit sosiologisk eller psykologisk val vi føretek. Det er blitt openberra for oss. Sjølv om Gud har moderlege trekk, bed vi berre «Fader vår». Skrifta veit heller ikkje av «moder jord» eller «moder natur».

Slik er røtene til vår tru og slik er måten Gud frelser menneske på. Jomfru Maria fødde ein son, og når vi menneske får del i Jesus Kristus, får vi del i Jesu relasjon til Faderen. Då kan vi med rette kalle Gud for Far.

Difor er kristendomen ein patriarkalsk religion. Tankegangen gjennom både Skrifta og den kyrkjelege praksis heilt til våre dagar, har vore denne. Faderen er all røyndoms kjelde.

Den bortkomne sonen vende attende til farshuset. Og Jesus er gått bort for å førebu ein stad for oss i sin Fars hus.

Vi kan ikkje like gjerne be «Moder vår». Inkarnasjonen kunne ikkje like gjerne hatt ei kvinneleg form. Den andre personen i treeininga kunne ikkje like gjerne vore dotter. Og i det mystiske ekteskapet kunne ikkje kyrkja like gjerne vore brudgom og Kristus vore brud.

Alt heng alt i hop med alt. Og bak det heile ligg eit val gjort av Gud sjølv og som ikkje er ope for overprøving frå vår side. Det handlar om kristendomen sine gitte føresetnader.

Dette må våre tankar om likestilling tilpasse seg. Og apropos den pågåande kvinneprest-debatten: Sjølv om samtids-religionane hadde rikeleg med kvinneleg presteskap, sette Jesus inn berre menn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han hadde sine grunnar. C. S. Lewis skreiv at den kyrkja som startar å ordinere kvinner til presteembetet, vil snart begynne å kalle Gud mor. Det vil bli ein annan religion.

Les også
Vi slår ring om Mikael Bruun!
Les også
Presset prest frykter avskilting
Les også
Kvinnelege prestar og mangfaldet i kyrkja
Les også
Han fastholder at presteyrket er for menn
Les også
Legitimerer kvinneprest-ordningen homoekteskapet?
Les også
Kjempet for fornyelse av kirken i 50 år