KOMMUNAR: Regjeringa sin idé om at eit bestemd innbyggjartal fiksar utfordringar og ulikskapar ein finn i Kommune-Noreg, stemmer ikkje overeins med kartet, skriv Nils T. Bjørke. På biletet ser vi kommunalminister Nikolai Astrup.

Nok tvang og sentralisering no

Senterpartiet meiner at ein kastar bort både tid 
og pengar, dersom ein no sett i gong nye rundar 
med kommunesamanslåingar.

I ein straum av lesarbrev, sendt til aviser over det ganske land, hyllar stortingspolitikarane Ove Trellevik og Ingjerd Schou frå Høgre kommunesamanslåingar under overskrifta «Kommunereforma må fortsetje».

Trellevik og Schou tar på seg jobben som PR-agentar for sentraliseringsprosjektet til Høgre-regjeringa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Høgre har brukt regjeringsmakta til å slå saman 118 kommunar, 31 av desse ble slått saman med tvang. Planen er no at alle kommunar med færre enn 5000 innbyggjarar skal vert sletta frå kartet og små kommunar skal straffast økonomisk dersom dei vel å fortsatt vera sjølvstendige.

Ein må vere rimeleg langt nede i papirmølla for å tru på at det er problem som vidare kommunesamanslåing vil løyse, eller at tvangssamanslåing er eit ynskje frå folket.

Som stortingsrepresentant for folk i Hordaland veit eg at enda ein runde med tvang og sentralisering ikkje er svaret. Me treng levande lokalsamfunn og vidare utvikling, ikkje avvikling og sentralisering.

Senterpartiet meiner at ein kastar bort både tid og pengar, dersom ein no sett i gong nye rundar med kommunesamanslåingar. Kommunane har nettopp vore gjennom «nabopraten» og vurdert kva som er best for sine innbyggjarar og det er då lite føremålstenleg at Høgre-regjeringa skal presse fram ein ny runde.

Senterpartiet meiner at ressursane som vert brukt på samanslåing av kommunar og fylker heller burde vore nytta til å styrkje skulen, eldreomsorg, og barnevernet.

Me er usamd med regjeringa, som seier at ein må fjerna kommunar med færre enn 5 000 innbyggjarar. Noregs rikdom er tufta på naturressursane våre, og spreidd busetjing har vore avgjerande for den verdiskapinga og velferdsutviklinga Noreg har hatt – og som Senterpartiet ynsker å leggje til rette for også i tida som kjem.

Regjeringa sin idé om at eit bestemd innbyggjartal fiksar utfordringar og ulikskapar ein finn i Kommune-Noreg, stemmer ikkje overeins med kartet.

Senterpartiet er opptekne av å utvikla gode tenester i heile landet og vil sikre ein kommuneøkonomi som mogleggjer at alle kommunar kan tilby sine innbyggjar ein trygg og god skule, verdig eldreomsorg og eit levande lokalsamfunn.