TEHERAN: Det hardt pressa styret ser den store bølgja av muslimar som blir kristne, som ein alvorleg trussel. Makta skjelv – og sender spesialagentar ut i kveldsmørkret for å arrestera og truga «fiendane» sine.

I ei mørk iransk natt

Det er ti år sidan siste dødsdom mot ein konvertitt – for fråfall frå islam, og den dommen vart fråfallen. Men politikken elles strammar seg til. Fleire sonar straffer på mellom ti og 15 år.

I ein heim i den iranske hovudstaden Teheran: 30 kristne er samla. Dei fleste er konvertittar frå islam. Inn stormar væpna agentar frå Revolusjonsgarden. Dei har handjerna klare.

Vi skulle tru at det shiamuslimske prestestyret hadde meir enn nok med pandemien som offisielt har teke livet av meir enn 15.000 og smitta 300.000. Andre kjelder fortel at offisiell statistikk lyg og at millionar kan vera smitta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det hardt pressa styret ser den store bølgja av muslimar som blir kristne, som ein alvorleg trussel. Makta skjelv – og sender spesialagentar ut i kveldsmørkret for å arrestera og truga «fiendane» sine.

30. juni og 1. juli kom ein ny hemmeleg politirazzia. I alt 17 kristne blei arresterte i ein samordna aksjon i tre byar.

Det er kveld tysdag 30. juni i Yaftabad i vestlege Teheran. Kring 30 kristne har samla seg hos ein fersk konvertertitt frå islam.

Ti agentar frå Revolusjonsgarden – åtte menn og to kvinner – tek seg inn. Dei er væpna og maskerte, fortel vitne som har fortalt historia til den truverdige organisasjonen Article 18 i London.

I starten, når dei filmar, er folka frå Revolusjonsgarden høflege. Dei skil menn frå kvinner. Etter at etterretningsfolka har lagt bort filminga, går dei meir brutalt til verks.

Alle dei 30 i huskyrkja blir førte ned til parkeringshuset. Der ventar fleire politibilar, mellom anna ein varebil med sota vindaugo. Agentane har fjerna bilane til folk som bur der for å gje plass til sine eigne – og for å gjera garasjen om til eit provisorisk avhøyrslokale.

Seks av dei 30 får vita at det er skrive ut arresterordre på dei. Den armensk-kristne leiaren Joseph Shahbazian og fem konvertittar får handjern og bind for augo og blir så førte bort.

Dei andre får mobiltelefonane konfiskerte, dei må fylla ut eit skjema med kontaktinformasjon slik at dei kan kallast inn til avhøyr – og dei må skriva under på at ikkje noko er teke frå dei, trass i at telefonane alt er tekne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Deretter går agentane til husransakingar – på jakt etter biblar, kristen litteratur og kommunikasjonsutstyr.

Same natt vart fleire andre kristne konvertittar i byane Malayer og Karaj også oppsøkte av Revolusjonsgarden, med beskjed om å rapportera til etterretningskontoret neste dag for avhøyr. Fleire vart arresterte den påfølgjande dagen, 1. juli.

Organisasjonen Article 18, som har svært god kjelder, går ut frå at razziane vart koordinerte ved hjelp av ein informant som hadde infiltrert gruppa i månader og vunne tillit.

Vitne fortel at denne personen følgde agentane under angrepet på Teheran-kyrkja, og han skal også ha stått ved sida av dommaren då han seinare las opp krava om kausjon.

Minst ti av dei arresterte er sikta for å ha «handla mot nasjonal tryggleik ved å fremja sionistisk kristendom». Dette er ein vanleg tiltale mot konvertittar og leiarane deira.

Av dei 17 pågripne er åtte sette fri mot kausjon, fire er varetektsfengsla, ein er sett fri utan å bli sikta og ytterlegare fire er lausletne medan dei ventar på ei avgjerd.

Ein av dei arresterte i Teheran er altså den armensk-kristne leiaren, Joseph Shahbazian (56). Han er ikkje sjølv konvertitt. Den armenske minoriteten er godkjend av republikken og kan, med klare grenser, leva ut kristen tru: Dei må gjera det på sitt eige språk og ikkje på nasjonalspråket farsi. Det er strengt forbode å forkynna for muslimar eller samla og leia konvertittar.

Dei siste åra er fleire armenske eller assyriske kristne er blitt dømde for å ha forkynt for og teke seg av konvertittar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Joseph Shahbazian har fått eit svimlande krav om kausjon: Kravet er 3 milliardar toman – tilsvarande 1,35 millionar kroner. Ein slik kausjon kan ingen klara for å bli sett fri.

Den siste arrestasjonsbølgja er ein del av ein tilstramma politikk retta mot konvertittar og medlemmar av baihai-samfunnet.

Parlamentet føreslo i juni to tillegg til den islamske straffelova. Dei ville at menneske som vert funne skuldige i «avvikande psykologisk manipulering» i «propaganda mot islam», kan bli stempla som «sekter» og risikera straff med alt frå bøter til døden.

Det iranske vaktarrådet har sendt forslaga tilbake fordi dei meiner ordbruken er for vid og upresis. Men saka er ikkje død.

Det er ti år sidan siste dødsdom mot ein konvertitt – for fråfall frå islam, og den dommen vart fråfallen. Men politikken elles strammar seg til. Fleire sonar straffer på mellom ti og 15 år. Ein av dei er pastor Yousef Nadarkhani som i 2010 slapp unna dødsdommen han først fekk. Andre - både konvertittar og assyriske leiarar – ventar på at ankesankene skal koma opp.

Norske parti som no arbeider med nye stortingsprogram, må sjå at overgrepa mot trusminoritetar mellom anna i Iran er svært alvorlege. I dagens partiprogram er fleire parti generelle og lite tydelege i omtalen av kampen for trusfridom internasjonalt, medan fleire – som Senterpartiet, Venstre og MDG – beint fram er tause.

Norske politikarar må ikkje fortapa seg i oppheta og polarisert debatt om norsk religionspolitikk når overgrepa i eit land som Iran ropar mot oss.

Les også
Kjemp for trosfrihet i Sikkerhetsrådet
Les også
Demagogisk anti-israelisme
Les også
Jihad mot kristne i Nigeria