Siger og tap i Stortinget

Endring av bioteknologilova vil alltid vera ei viktig sak. Denne gongen var det ekstra viktig, fordi fleire store prinsipielle spørsmål var på dagsordenen.

Ut frå den politiske konstellasjonen og alvoret i saka, kravde Kristeleg Folkeparti (KrF) full stortingssal. Det gjorde partiet rett i, og det førte til ein omfattande debatt.

Eg skal ikkje gå inn i partipolitiske spørsmål i saka, men eg vil knytta nokre kommentarar til eit par generelle og prinsipielle spørsmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vart raskt slått fast at KrF gjekk på eit skikkeleg nederlag i saka, fordi partiet tape avstemminga på alle punkt. Ut frå eit reint politisk synspunkt er dette rett, men det er langt frå heile sanninga. Midt i det politiske tapet vann KrF – saman med dei andre som argumenterte mot endringane – ein prinsipiell og ideologisk siger ved at alvoret i saka vart løfta fram, og ved at det i stortingssalen vart gjort klart kva saka stod om.

Ingen på Stortinget og ingen som fylgde debatten i media, kan etter dette seia at dei ikkje visst kva saka gjekk ut på. Med det kan dei stillast til ansvar.

Det er ikkje berre kjøttvekt og røystetal som tel i politikken, samfunnet og til sist i stortingsalen, men like mykje argumentasjonen. Ei sak er ikkje tapt, sjølv om ho politisk har opplevd nederlag, så lenge argumenta i saka vert haldne oppe. Det gjeld i denne saka, som i abortsaka og ekteskapssaka. Politisk kan det seiast å vera tapte saker, men i folket lever dei. Ingen er tvungne til å nytta seg av bioteknologilova, foreta abort eller gifta seg likekjønna, sjølv om det er gjort juridisk lovleg gjennom Stortinget.

Det er haldninga i folket og hjå den einskilde som avgjer bruken, og i den samanhengen er opplysning og argumentasjon avgjerande. Difor bør ikkje KrF eller andre, tenkja at desse sakene kan eller bør ein no la liggja i ro. Tvert imot må ein halda dei levande, også i stortingssalen.

Det er forståeleg at ingen likar å verta plasserte i ein bås som seier at dei medverkar til sorteringssamfunn, eller likar at etikken deira vert angripen. Dette er like fullt aktuelle problemstillingar som ikkje kan kostast under teppet. Fleire av endringane som vart vedtekne, gjer at folk får større val med tanke på kva barn ei gravid kvinne vil bera fram eller ikkje, og med tanke på det å få barn. I dette er det kvinna eller paret som vert prioritert og som gjer sine val, ikkje barnet.

Det er vanskeleg å karakterisera dette som anna enn sortering, anten ein likar det eller ikkje. Dessutan er det nokre gonger slik at konsekvensane vert andre enn intensjonen.

I debatten på stortinget viste fleire til sin etikk og sitt samvit. Det er naturleg, men det seier ikkje noko om etikken er rett eller gal, eller om samvitet fungerer rett eller galt. Også nazismen har ein etikk og nazistar eit samvit, men det er vel berre nazistar som vil hevda at denne etikken og dette samvitet er rett.

Det som skjedde då Stortinget vedtok endringane i bioteknologilova, var imot kristen etikk og i strid med eit kristent orientert samvit – same kva etikk og same kva samvit dei som stemt for, måtte påberopa seg. I debatten vart det nokså klart at ulike etiske standpunkt, verdisett og samvitsoppfatningar stod mot kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved at desse motsetnadene kom fram, skjedde det ein prinsipiell og ideologisk siger i stortingssalen, sjølv om det vart eit politiske nederlag. Denne sigeren bør det byggjast vidare på, og det er grunn til stor takk til dei som førte argumentasjonen og sigeren fram.

Artikkelen har stått på trykk på heimesida til Misjon Sarepta.

Les også
KrF har kjempet en viktig kamp
Les også
Steile frontar og harde ord