«Då Kjell Ingolf Ropstad og Erna Solberg, med god registøtte av organisasjonen Menneskeverd, hausten 2018 gjorde abortlova til eit forhandlingskort i KrF sitt retningsval, gav dei det største bidraget på fleire tiår til å øydeleggja debattklimaet for bioteknologispørsmål», skriv Dag Sele. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix

KrF-nederlaget kjem av at Ropstad gjorde abortsaka til forhandlingskort

Dette handlar ikkje om politisk retning eller regjeringssamarbeid. Det handlar om konsekvensane av dei strategiske grep som dagens KrF-leiing valde å bruka for å vinna fram med sitt syn.

Innlegget ble først publisert på Facebook-siden til Dag Sele tirsdag 26. mai.

----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag kjennest det dessverre nødvendig å sei at dette er dobbelt trist, KrF!

Aller mest trist er det sjølvsagt at stortingsfleirtalet no i rekordfart vedtek dramatisk liberalisering på bioteknologifeltet, i ein prosess der omsynet til vaksne sin rett til (friske) barn synest å totalt overskygga omsynet til dei ufødde barna.

Men for meg er det i tillegg sørgeleg trist å erkjenna at dagens leiing i KrF, det partiet som er den sterkaste forkjemperen for menneskeverdet, også har ein vesentleg del av skulda for at me i dag er der me er i menneskeverdspørsmål.

Då Kjell Ingolf Ropstad og Erna Solberg, med god registøtte av organisasjonen Menneskeverd, hausten 2018 gjorde abortlova til eit forhandlingskort i KrF sitt retningsval, gav dei det største bidraget på fleire tiår til å øydeleggja debattklimaet for bioteknologispørsmål.

Og no ser me altså resultatet av dette:

For det første vart det praktisk talt ingenting ut av det som med store bokstavar vart lansert som ein «historisk mulighet».

For det andre vekte denne strategien på heilt forståeleg vis eit stort mot-engasjement hos dei mange forsvararane av både dagens abortlov og liberalisering av bioteknologilova, til utålmodig kamp for å bringa lovverket i motsett retning.

Resultatet av den «historiske» muligheten er altså eit tydeleg netto tap for KrF sitt syn på feltet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og sist men ikkje minst, vil eg meina at heile denne prosessen med å bruka så sentrale etiske politikkspørsmål i eit slikt politisk spel har gått kraftig ut over KrF sitt truverde i alle bioteknologisaker.

Ingenting av dette bør vera overraskande, fordi me var mange som hausten 2018 åtvara høglydt om at det kom til å gå nettopp slik. Og me vart ikkje møtt med anna enn enno sterkare volum på argumentet om den «historiske muligheten». No har me langt på veg fått fasiten...

Til slutt skal eg allerede i forkant kommentera dei heilt føreseielege formaningane som vil koma om at me no må leggja retningsvalet til KrF bak oss.

Dette handlar ikkje om politisk retning eller regjeringssamarbeid. Det handlar om konsekvensane av dei strategiske grep som dagens KrF-leiing valde å bruka for å vinna fram med sitt syn. Og det må dei rett og slett forventa å bli haldne ansvarlege for.