Bildet med tittelen «Che Jesus
...
Bildet med tittelen «Che Jesus» framstiller Jesus som den argentinske marxisten Che Guevara.
Debatt
Jesus var den første sosialisten
Del
Ser ein på kristendommen, er det mange ting ein kan forstå i eit sosialistisk lys. Sjå på Marias Lovsong, til dømes.

Stryk kristenkorset av ditt flag, Og heis det rent og rødt! La ingen by dig det bedrag, at frelseren er født! Og vil du ikke dø som en trell, Så får du saktens fri deg selv!

Dette er eit utdrag frå eit dikt Arnulf Øverland skreiv i 1931. Dette var under den store depresjonen. Folk mista arbeidet sitt. Bedriftene krevde lønnsnedgong på 15 prosent og truga med lockout. Dette førte til store konfliktar mellom arbeidsfolk som ikkje fekk arbeide, og streikebrytarar som arbeidde på elendige kontrakter.

Desperasjonen folket ­følte den tida fjerna mykje tillit ­mellom anna til evangeliet. På 1800-talet skreiv Marx at religionen passifiserte folket. Tok frå dei viljen til å kjempe mot urett med lovnad om frelse etter døden. Diktaren, Rudolf Nilsen, skreiv i sitt dikt Revolusjonens røst i 1925 følgjande:

Gi meg de gudløse stolte som ikke har trang til mystikk, men dristig vil skape en himmel her ­efter sin egen skikk.

Rudolf og Arnulf gjer uttrykk for ei misnøye med religionen si passive holdning til livet folk levde då, at frelse etter døden ikkje var nok. Og dette er veldig forståelig i ei tid der folk ikkje alltid var sikker på om dei hadde mat nok til å sikre at eigne barn overlevde. Kva hadde barna gjort for at Gud den allmektige berre skulle la borna døy?

Diktet til Rudolf Nilsen går spesielt inn på dette. Han ville at folk skulle ta skjebnen sin i eigne hender og kjempe mot det ustabile systemet som avgjorde skjebnen til folk. Der ei lita gruppe folk, som eigde mest, kunne bestemme om nokon hadde mat dei neste dagane eller ikkje. Det var ikkje rart kommunistane og sosialistane på den tida var så kritisk til kristendommen.

Men ser ein på kristendommen, er det mange ting ein kan tolke som veldig sosialistiske. Til dømes i Marias Lovsang, fortel ho om Gud at; «Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge. Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg.» (Luk 1:52-53)

Og då folk gjekk for å bli døypt av Johannes lurte dei på korleis dei kunne finne frelse. Då kan me lese at han svarte: «Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» (Luk 3:11)

Jesus var og kjend for å jage forretningsfolka frå tempelplassen fordi dei gjorde det til ei røvarhole (Luk 19:45). Der kan ein dra ein kvass parallell til i dag der sosialistar kjemper for å skilje velferd frå forretning.

Dette fordi me ser reinhaldspersonale mistar pensjonsrettar, skattetilskot fyller lommene på nokre få som ­utnyttar systemet, og ­omsorgspersonale som får ­stadig høgare arbeidspress når ting skal ­privatiserast og styrast etter ­marknadsprinsipp.

Med dette i tankane verker det ikkje som at kristendom og sosialisme er noko motsetning. Fordi det å «dristig skape en himmel her, efter sin egen skikk» er nett å følgje det Bibelen modar opp til.

Den forrige sosialistiske presidenten i Venezuela, Hugo ­Chávez, sterk i si tru, sa at Jesus var den første sosialisten. Og på mange måtar hadde han rett i det.

ole august iversen,arnulf øverland,sosialisme,sv,rudolf nilsen