LEIARAR: Kvifor sitt me heima, eller på hytta vår, når leirar vert avlyst grunna mangel på vaksne l­eiarar? Har me kome til det stadiet at jobben vår er viktigare enn kallet til teneste i det åndelege arbeidet på vår heimstad? spør Bjarne Ydstebø.

Menn som krev underordning og samtidig sviktar sitt eige kall

Det er ikkje fruktbart om menn stadig påpeikar underordning utan at dei sjølve tek det ansvaret som Bibelen gjev dei.

Den siste tida har Emblem bedehusforsamling vore mykje i media grunna deira opning for kvinneleg eldste i forsamlinga. Det blir fort eit minefelt når ein som mann skal ta fram brennbare tema som kjønn og tenestedeling i den kristne forsamlinga. Ein kan vera redd for å bli beskriven som mannssjåvinistisk og gammaldags.

Men det er no ein gong slik at menn og kvinner er skapt ulike. Dei har same verdi, men dei er ulike på kvar sine måtar – både når det gjeld sjeleliv, kjensler, seksualitet, samt kvalifikasjonar og rollar i heimen og i den kristne forsamlinga. Sjølv om me er ulike, så er me på same tid heilt avhengig av kvarandre i ekteskap og forsamlingsliv:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«I Herren er verken kvinna noko utan mannen eller mannen noko utan kvinna. For likesom kvinna er av mannen, så er også mannen ved kvinna. Men alt er av Gud» (1. Kor. 11–12).

Eg er redd for at det tradisjonelle synet på tenestedeling som har vore gjeldande i det lågkyrkjelege miljøet har blitt ei sovepute for mange menn. Kvifor tar me som menn ikkje meir ansvar for det åndelege arbeidet i forsamlingane våre? Kvifor sit me passive når kristent barne- og ungdomsarbeid sårt treng leiarar?

Kvifor sitt me heima, eller på hytta vår, når leirar vert avlyst grunna mangel på vaksne leiarar? Har me kome til det stadiet at jobben vår er viktigare enn kallet til teneste i det åndelege arbeidet på vår heimstad? Og kva med mannen sitt ansvar for opplæring av borna i dei bibelske sanningane? Kan borna våre sjå opp til meg og deg som far, som ein som gjer som Johannes og peikar på Jesus som «Guds Lam som bærer bort verdas synd»? (Joh 1, 29).

Eller vil vitnemålet om oss vere at me sto på sidelinja både på heimebane og i forsamlinga, og let alt skure og gå? Eg kjenner at dette treff meg. Eg har ikkje alle svara, men eg trur det er tid for å stilla oss sjølv desse ransakande spørsmåla.

Mange menn har nok sterke oppfatningar om korleis teneste­delinga skal gjennomførast i heim og forsamling. Mange kjenner til «dei rette meiningane» når det gjelder kvinners teneste og kva som er forventa av rollane til både menn og kvinner i heim­en og i den kristne forsamlinga.

Men det er ikkje fruktbart om ein stadig påpeikar underordning utan at ein sjølv som mann tek det ansvaret som Bibelen gjev han. Eg står sjølv trygt plassert i det synet på tenestedeling som både NLM og ImF står for. Det er ikkje min agenda å rokka ved dette synet. Det som ligg meg på hjarta er korleis mannsrolla har endra seg, og kva det betyr for oss menn som er aktive i det kristne arbeidet i bygd og by.

Likestillinga er komen langt i Noreg, og det tradisjonelle synet på kjønnsrollar er under sterkt ideologisk press. Sjølvsagt er det noko positivt, som til dømes av menn og kvinner bør få lik lønn for likt arbeid. Dei aller fleste familiar er meir eller mindre avhengige av to inntekter, og me bør – samtidig som me verdsett dei kvinnene som er heime med hus og born – heia fram dei kristne kvinnene som tar utdanning og får seg gode jobbar i forskjellige yrkesgrupper.

Me treng frimodige kristne kvinner – og menn, sjølvsagt – i alle bransjar. Me tilbringar mykje tid på jobb, så der er me alle «Kristi brev» som blir studert og lest av alle (2Kor 3,3). La oss sjå dette som ein stor muligheit, og ikkje som eit hinder.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ulike forventningar til mannsrolla. Mannen skal vere sterk og stødig og ha suksess både på jobben og privat. Han skal helst vere relativt nevenyttig og klara det meste han tar seg føre.

Så veit me alle at realiteten er ikkje slik. Det er ikkje alltid mannen klarer å vere så sterk som han ynskjer. Det er ikkje alltid han føler seg på topp og nyter suksess på alle område. Men det er no ofte slik me menn føler det – me likar best å vere sterke og ha kontroll på ting. Men kva er det som gjør ein mann sterk, åndeleg talt?

Eg har ikkje tru på eit bilete av den kristne mannen som ein macho-figur som turar på i eigen kraft. Eg har meir tru på ein mann som gjer som Moses, og heller vel «å lide vondt saman med Guds folk enn å ha ei kortvarig nyting av synda» (Heb 11,24).

Ein mann etter Guds hjerta er ein mann som ikkje er fokusert på eigen popularitet og vinning, men som lar Herren styra stega hans (Ordtaka 16,9). Eg trur dette er meir sentralt og viktig enn nokon gong, i ei tid der individualismen og sjølvrealisering står sterkt.

Bibelen ber oss som menn: «Elsk konene dykkar, likesom Kristus elskar kyrkjelyden, og gav seg sjølv for den» (Ef 5,25). Å elska kona si handlar om å setja henne framfor seg sjølv. Det handlar om å sette eigne behov i andre rekke – og fokusera kva du kan gjera for henne. Det handlar om å ta ansvar for at både ho, deg sjølv, og dykkar born får åndeleg mat.

Det handlar om langt meir enn det er plass til å nemne her. Og nokon vil hevde at det seier seg sjølv, men i ei tid der ekteskapet er truga, der seksualitet blir lausrive frå dei gode og trygge rammene som Bibelen gjev oss, og skilsmissetala – også blant kristne – skyt i veret, så er det viktig at me sett ord på dette. Du som kristen mann har her eit særleg stort ansvar.

Eg trur at det er viktig at kristne menn kjem saman på ulike arenaer og setter mot i kvarandre. Me er under press frå fleire hold. Det er viktigare enn nokon gong å setta kreftene inn for å bevara dei kristne ekteskapa og dei kristne familiane. La oss hjelpa kvarandre fram.

Lat oss setta ord på det som er vanskeleg. La oss som menn koma saman og ropa til Gud om det er som er tungt. La oss vitna for kvarandre og erfara at «Herren er min styrke og min song. Han har vorti meg til frelse» (Sal 118,14).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er noko heilt spesielt å få ta del i eit fellesskap der menn kan snakka opent om livet saman. Eg vil oppmuntra kristne menn over heile landet til å bygga fellesskap på tvers av forsamlingar i bygd og by. Eg trur at mannsmøter og mannshelger er ein unik muligheit – og eg er sikkert på at behovet er stort. Lat oss byggja vennskap ut over eigen forsamling, så me står sterkt samla.

Eg veit ikkje heilt kva dette eigentleg blei til. Det er ikkje eit djupt teologisk innlegg om kva Bibelen seier fullt ut om menn og kvinners rolle i forsamlinga, det får andre ta seg av. Men eg håpar det kan vera nokre oppmuntrande – og kanskje ransakande – ord til deg som er kristen mann. Det er bruk for deg i Guds rike. Familien din treng deg. Våg å stå som Daniel!

Bjarne Ydstebø er lærar og fritidsforkynnar for ImF

Les også
Er «brødre» det samme som «søsken»?
Les også
Likestilling er brudd med Guds ord
Les også
Begrepet «tjenestedeling» bør legges bort
Les også
Skal kvinnen tie i forsamlingen?
Les også
Forvirrende om kvinner
Les også
Kvinner i åndelige lederstillinger