«Det at Ketil Jensen har opplevd at kristne var direkte uhøflege mot han og kona etter at han hadde gjort kjent at han hadde skifta syn i kvinneprestspørsmålet, er trist», skriver Johannes Kleppa (bildet).

Kvinnelege eldste og grunngjeving

Det Bibelen lærer, er poenget.

I Dagen 11. mars kommenterer Ketil Jensen noko av min argumentasjon mot kvinnelege prestar og eldste. Artikkelen er halden i ein sakleg tone, og det gjev meg høve til eit par presiseringar.

I den aktuelle artikkelen (Dagen 27. februar) viste eg til lære- og tilsynsrådet i ImF som har sagt at dei ikkje har kome til ny innsikt i Guds ord i saka, og held difor fast på det dei tidlegare har sagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette gav eg uttrykk for er den rette haldninga i dette spørsmålet, som i alle lærespørsmål. Det er Guds ord som avgjer, og den overtydinga dette skaper, skal vi stå for. Det er altså her vi finn sjølve argumentasjonen og grunngjevinga i saka.

I tillegg til dette prøvd eg å plassera saka i eit større kyrkjehistorisk og globalt perspektiv enn den snevre konteksten som dagens diskusjon i Noreg og på bedehuset lett gjev. I den samanhengen viste eg til ulike historiske kyrkjesamfunn, deriblant den romersk-katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene.

Dette var ikkje meint som støtte for standpunktet, men som eit uttrykk for at dei som ikkje opererer med eit nei til kvinnelege prestar, har teologihistoria og mange av dagens mest åndeleg livskraftige samanhengar mot seg. Det synest eg bør vera eit moment for å etterpøva sitt standpunkt på Guds ord.

Motstanden mot kvinner som lærarar og hyrdar vert noko ulikt grunngjeve i ulike kyrkjesamfunn. Det har i stor grad med kyrkje- og embetssynet å gjera.

Det viser like fullt at det kan førast ein brei argumentasjon mot kvinnelege prestar. I hovudsak går argumentasjon langs tre liner. Det eine er eksegetisk ut frå dei tekstane som direkte omtalar kvinners og menns teneste i den kristne forsamlinga. Det andre er det som Skrifta generelt seier om mann og kvinne, særleg ut frå skapinga.

Det tredje er det vi les i Skrifta, særleg i NT, om kva oppgåver kvinner faktisk hadde. Tolkinga av det siste korresponderer i stor grad med embetssynet, særleg det at Jesus kalla berre menn til apostlar.

For min del legg eg mest vekt på dei to første argumentasjonsmåtane. Det vi ser av praksis i NT, spelar sjølvsagt også med, men eg gjer ikkje det til eit avgjerande argument ved å tolka det i lys av ei katolsk eller høgkyrkjeleg embetstenking.

Eg plasserer meg likevel ikkje på ein pidestall der eg ser heilt bort frå andre konfesjonar si tenking. Eg vil ikkje opptre teologisk individualistisk, men eg vil lytta til den totale kyrkjehistoria og læra av denne – sjølv om det er Skrifta som i siste instans er einaste kjelde og norm.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det at Ketil Jensen har opplevd at kristne var direkte uhøflege mot han og kona etter at han hadde gjort kjent at han hadde skifta syn i kvinneprestspørsmålet, er trist. Vi skal alltid opptre høfleg og med respekt overfor kvarandre.

I Dagen 12. d.d. påpeikar Rolf Kjøde at ordet «tenestedeling» er eit uheldig og misvisande ord for det saka dreier seg om. Sant å seia har også eg hatt motførestillingar til dette uttrykket.

Problemet er at eg ikkje har sett eller kome på eit betre samleord for saka. Tidlegare vart det talt om kvinnelege prestar, men med det føreheldt ein seg språkleg berre til Den norske kyrkja, og det er enda meir uheldig enn å bruk ordet tenestedeling.

Eg lyttar gjerne til forslag til omgrep og seiemåtar som enda tydelegare får fram den bibelske bodskapen. Ord må likevel ikkje få oss bort frå saka. Det Bibelen lærer, er poenget.

Les også
Forvirrende om kvinner
Les også
Skal ikke kvinnen kunne undervise?