Når Jesus er 
rettmessig Herre

«Det ingen kristen kan akseptere, er at det sekulære samfunnet får sette grenser for kva område trua skal gjelde innanfor.»

«Det fins ikkje ein kvadratcentimeter i heile området av menneskeleg eksistens som Kristus, han som er herre over alt og alle, ikkje kan seie om: Det tilhøyrer meg!»

Sitatet er frå nederlendaren Abraham Kuyper, teologen og kyrkjeleiaren som blei ein svært viktig kristendemokratisk ideolog og ein periode også var statsminister.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tankegangen hos Kuyper kolliderer med eit krav mange kristne har gått langt i å akseptere: Trua er privat og må haldast vekke frå samfunnsliv, vitskap og arbeid.

Om vi aksepterer den Jesus som Bibelen lar oss møte, er det likevel lite tvil om at Kuyper har rett. Alt er skapt i Han, ved Han og til Han.

Når Jesus kallar oss til å følgje seg, gjer han det ikkje for å skaffe seg tilhengarar for eit religiøst prosjekt, men fordi han er verda sin rette Herre. Derfor gjeld kallet hans heile livet. Han set oss fri til å sjå heile tilværet i Himmelens overlys. «Jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til, verda og dei som bur der, er hans!» (Salme 24,1)

Så får reformerte, katolske og lutherske kristne drøfte korleis Guds ulike regiment, den kyrkjelege tenesta med evangeliet og den allmenne tenesta for politikk og samfunn, nøyaktig bør tilordnast. Det ingen kristen kan akseptere, er at det sekulære samfunnet får sette grenser for kva område trua skal gjelde innanfor. Der er kvar kristen, alle kyrkjer og kristne institusjonar som skolar og høgskolar sett fri til å lyde Gud meir enn menneske.

Dette har jamvel konsekvensar for kallet til misjon. For det første kan den kristne kyrkja aldri bøye seg for den nyare identitetsideologien som vil gjere det til ei krenking av andre menneske når vi deler evangeliet som om den er sanninga. Jesus er radikalt eksklusiv i sjølvpresentasjonen sin.

Derfor må vi gi C. S. Lewis rett når han avviser at vi kan avgrense Jesu til ein profet, ein morallærar eller eit godt menneske. Jesu sjølvpresentasjon gjer det prosjektet umogleg. Alternativet til å akseptere Jesu radikale sjølvpresentasjon som verdas Herre og frelsar, er ikkje å sette han på linje med verdas filosofar eller religionsstiftarar. Det er snarare å avvise han som gal eller vond. Om Bibelens Jesus har rett, er evangeliet om han nødvendig for alle folk, grupper og menneske, minoritetar som majoritetar.

For det andre betyr Jesus som Herre og frelsar at kallet til å representere han ikkje berre gjeld tilsette i kyrkje og misjon. Alle kristne representerer Jesus i sine kvardagsliv, på den arenaen der vi brukar flest vakne timar av våre vaksne liv, på arbeidsplassen. Dette har heldigvis kome meir på dagsorden dei seinare åra.

Saman med andre var NLA Høgskolen nokre år med å arrangere dei nasjonale konferansane «Hellig hverdag», for tru, yrkesliv og kvardagsliv. Laget har fått ein boost på sitt årlege «Studentforum» der studentane lærer korleis dei kan tene Gud med det faget og yrket dei har. Organisasjonen Tent opplever ein enorm vekst internasjonalt i arbeidet med å mobilisere studentar, fagfolk og businessfolk til tverrkulturell teneste for evangeliet – gjennom profesjonane deira.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Konferansen «Veritas» har vakse seg større på kortare tid enn nokon av oss som står bak (NLA, Laget og Bibelskolen i Grimstad) kunne ane med det frimodige og skarpe fokuset på grundig forståing av og intellektuelt forsvar for den kristne trua.

Kristne har eit større syn på tilværet enn ein naturalistisk reduksjonisme som i alt sitt kjølige vesen ikkje gir rom for det som allment menneskeleg liv i alle kulturar til alle tider har strekt seg mot i undring. For alle kristne som jobbar i vitskapeleg sektor er dette ein konstant ressurs for og ei kjelde til å erkjenne det som kyrkja alltid har lært om Gud, han som er semper major, alltid større. Vitskapen kan med sine avgrensa verktøy verken avkrefte eller stadfeste Guds vesen og eksistens.

Ifølgje Bibelen har Gud i nokon grad gitt seg til kjenne i skaparverket sin stordom og i menneske si evne til moraloppfatning. Kva vi som menneske kan erkjenne av dette, er eit teologisk diskusjonsspørsmål. Når det gjeld Guds djupe vesen og evangeliet, er det likevel slik at vi treng ei større openberring enn den som vi gjerne kallar den allmenne. Den kristne trua er at Jesus er denne openberringa.

Misjonærpioneren til det indre av Kina, James Hudson Taylor, tenkte heilskapleg om det misjonsoppdraget som han var ein del av. Eitt av dei kjende uttrykka som vi har etter han er «Jesus is either Lord of all, or He is not Lord at all».

Om eg skal forsøkje å omsetje dette på ein måte som prøver å ta vare på rytmen i utsagnet, kunne det bli om lag slik: «Jesus er enten Herre over det heile, elles er han ikkje Herre i det heile.» Det set standarden for alle kristne sine liv og alle kristne institusjonar si teneste.