SAMEMISJON: Forkynninga av evangeliet til det samiske folket må gå framfor kva type «stillas» me bruker for å nå målet, skriv Erik Kvinge. Biletet er frå landsmøtet i 2017.

Mykje å ta tak i for Norges Samemisjon

Ein intensjonsavtale har ingen bindingar, og det er landsmøtet som skal avgjera saken. Det som alle i Samemisjonen no må gjera, er med eit ærleg hjarta å bera saka fram for Herren.

Det har i det siste kome ein del kritikk mot landsstyret og omstillingsutvalet i Norges Samemisjon. På eit tidspunkt valde landsstyret å gå for ein intensjonsavtale med Misjon Sarepta. Landsstyret vert skulda for å gå utover sitt mandat og oppfordra til å beklaga dette. Landsstyret ser det ikkje slik.

Paragraf 5 i grunnreglene for Norges Samemisjon omfatter landsstyrets oppgåver. Landsstyret har store fullmakter og eit stort ansvar for forsvarleg drift: «Detpåligger landsstyret å se til at det blir foretatt en løpende vurdering og oppfølging av misjonens arbeid samt drøfting av fremtidig virksomhet.» Det står vidare: «I saker av større rekkevidde forelegges disse Landsmøtet til avgjørelse.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er akkurat dette landsstyret arbeider etter. Det er gjort ei vurdering av at noko må gjerast, det er laga eit forslag til løysing, og dette vert presentert for landsmøtet for å avgjera om det er noko å «gå for». Det har i dag ikkje skjedd strukturelle endringer i Norges Samemisjon om framtidig arbeidsmåte. For å setja det litt i perspektiv, så har ulike landstyre dei siste 20 åra selt eigedom for over 60 millioner kroner utan at det har vore avgjort av landsmøtet.

I eit intervju i avisa Vårt Land (30.01) fryktar Øyvind Fonn (kretsformann i Trøndelag krets) for manglande demokrati i Sarepta. Ja, det kan han meina, men det er mange velfungerande medlemsfrie (udemokratiske) organisajonar utanom Sarepta. Misjonsalliansen og Stefanusalliansen er døme på det. Det som imidlertid er svært alvorleg her, er at Fonn og styret i kretsen sjølv ikkje utøver demokrati i den oppgåva dei har. Dei har gjort eit vedtak på at omstillingsutvalet ikkje får komma til kretsen for å informera om og få tilbakemeldinger på arbeidet, med mindre dagleg leiar i Norges Samemisjon har munnkorg. Dermed set dei heile kretsen ut av spel. Misjonsvennene der får ikkje delta i omstillingsarbeidet.

Jon Teigen (formann i Møre og Romsdal krets) meiner Norges Samemisjon må kunna forvalta kallet på eiga hand. Han går også ut med mistillit til leiinga i Norges Samemisjon (Vårt Land 30.01). Han har ei meining om at inntektene skal kunna aukast i åra framover. I Møre og Romsdal krets har inntektene imidlertid gått ned med over 100 000 kroner frå 2018 til 2019 (då ser eg bort frå testamentariske gåver som er så ustabile inntekter at dei må utelatast i budsjettering).

Jon Teigen har arrangert eit møte om deira modell med utvalde medlemmar frå andre kretsar. Dette er på sidelina av det offisielle omstillingsarbeidet, og det har ikkje vorte informert til den sentrale leiinga. Det som er oppsiktsvekkande her, er at Troms krets ikkje har fått invitasjon til dette møtet. Det har heller ikkje Finnmarksutvalget. Ein må spørja seg om dette er demokrati?

Dei siste 15 åra har det vore to omstillingsprosessar, og det har vore prøvd ulike måter for å få ei berekraftig drift, utan å lukkast. Dei siste 20 åra har me hatt eit underskudd på over 80 millionar kroner. Ingen eig Samemisjonen, heller ikkje landsstyret. Me har ikkje sett noko prestisje i dette, men me har sett at det er behov for å gjera noko. Ut i frå det, og eit grundig arbeid med å analysera tilstanden og sjå på løysingar, har me hamna på det forslaget me har.

Ein intensjonsavtale har ingen bindingar, og det er landsmøtet som skal avgjera saken. Det som alle i Samemisjonen no må gjera, er med eit ærleg hjarta å bera saka fram for Herren, at han må få visa vegen for oss framover. Så må forkynninga av evangeliet til det samiske folket gå framfor kva type «stillas» me bruker for å nå målet.

Eg ønskjer å helsa alle samemisjonsvenner med mottoet lånt frå Sarepta «Ha tro til Gud!»