Dyrebare ord

Komande helg markerer Bibelselskapet Bibeldagen 2020. Bibelen er den mest selde og lese boka i verda, og den viktigaste boka i vår kultur. Difor arbeider Bibelselskapet for å gje mennesket Guds ord «på eit språk dei skjønar og til ein pris dei kan betale».

Han kom bort til meg på torget i Kiev. Han kunne ikkje engelsk, men fekk vist meg det slitte engelske nytestamentet han bar med seg, og ved hjelp av tolk byrja vi å snakke saman. – Skjønar du det du les, spurte eg. Han rista på hovudet. Sjølv om han ikkje kunne lese orda i det engelske nytestamentet, så visste han kva som stod der. Og eg kunne sjå kor mykje dei orda betydde for han. Og gleda vart stor då eg tok fram eit nytestamente på ukrainsk og gav ham.

Då han gjekk etter ein god samtale stod eg igjen med den slitte engelske utgåva av nytestamentet. Han tok imot og gav frå seg det mest dyrebare han hadde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er meir enn tjuefem år sidan, men kvar gong eg tenker på korleis Bibelen omtalar Ordet som ”levande og verksamt” hugsar eg denne hendinga. For den jamnaldrande guten som kom til meg på torget i Kiev var det slik, og for meg er det slik. Det er som orda kvinna ved brønnen i Johannes 4 får del i, Jesu eigne ord, ord som slokkar tørste, som lækjer og gir håp.

Levande og verksamt

”Guds ord er levande og verksamt” (Hebr. 4.12) . Kvifor er det slik? Fordi sjølv om det er menneske som har skrive bibelen, er orda inspirert av Gud. “Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning” (2. Tim. 3.16)

Bibelen er ei bok som engasjerer og som det er vanskeleg å halde seg nøytral til. Den har forma kulturen vår. Frå ei tid då svært få hadde tilgang til ein Bibel finst det i dag rundt 7 millionar biblar i Noreg.

For meg som ein kristen finn eg det viktigaste i livet mitt i Bibelen. Her møter eg Jesus, han som er min frelsar og min beste ven. Han som like tydeleg som til sine læresveinar understreker for meg ”Eg er med deg alle dagar”.

Bibelen er den mest selde og lese boka i verda, og den viktigaste boka i vår kultur. Difor arbeider Bibelselskapet for å gje mennesket Guds ord «på eit språk dei skjønar og til ein pris dei kan betale».

Bibeldagen 2020

Komande helg markerer Bibelselskapet Bibeldagen 2020. I år står Kina, verdas mest folkerike land i fokus. I mange år har kyrkjene i Kina hatt sterk vekst og fortsatt kjem mange nye menneske til tru. Ingen veit heilt sikkert kor mange kristne det er i Kina og dei omtrentlege tala varierer mellom 90 og 130 millionar, nokon meiner det kan ligge høgare enn det. Uansett bur fleirtalet, rundt 70 prosent, av dei kristne på landsbygda, som også er den fattigaste delen av Kina, og etterspurnaden for billege og gratis biblar er difor stort.

Eg les Bibelen fordi den fortel meg om kven eg er, om min verdi, og minner meg på grunnen til at eg lever, og fordi Gud gjennom Bibelen, sitt ord, talar til meg.

Tenk å åpne Bibelen, finne trøyst når eg er nede, finne vegleiing når eg er rådvill, finne ein som gler seg saman med meg når eg er glad, finne Jesus, Bibelens hovudperson, han som er ”vegen, sanninga og livet”. Han som er full av kjærleik og nåde.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Søndag 9. februar er det Såmannssøndag og Bibeldag. I kyrkja er det lang tradisjon for å bruke denne dagen til å minne om kva Bibelen har betydd og betyr for oss som kyrkje, land og folk. Arbeidet for å oversette og produsere biblar gjer det mogleg for menneske verda over å lese og forstå Bibelen på eige språk.